Ny leiar:

Natur og Ungdom-leiar Gytis høyrer på Beglomeg og tilrår Oppsynsmannen

Den nye leiaren brukar mesteparten av tida si på organisasjonen.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg trur ikkje eg har noko førebilete, men eg lærer masse av folk som er rundt meg. Alle er jo litt leiarar med kvar sine gode kvalitetar.

Det seier Gytis Blaževičius på e-post til Framtida.no. På nyåret hadde organisasjonen Natur og Ungdom sitt årlege landsmøte, og Blaževičius vart valt inn som den nye leiaren. Han er ikkje i tvil om kva som blir dei viktige sakene i 2024:

Gytis Blaževičius

  • Alder: 23
  • Personleg pronomen: Han
  • Frå: Litauen og Hedmark
  • Yrke/utdanning: Eitt år med kunsthistorie
  • Favorittfag på skulen: Historie
  • Ulike verv: Berre NU dei siste 5 åra
  • Medlem i: Natur og Ungdom

 

– Gruvedrift på havbotnen, rettferdig omstilling og riktig bruk av areala.

Allereie dagen etter landsmøtet var ferdig, sto han saman med andre NU-arar framfor Stortinget og protesterte mot gruvedrift på havbotnen.

Dei same sakene

Mange saker blir repetert år etter år, og Blaževičius fortel at det ikkje var dei største usemjene på sjølve landsmøtet. Utfordringane blir heller utanfor organisasjonen.

– Det er mykje av dei same kampane – berre fortsetjinga, og med ein mykje dårlegare tidsfrist.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Heilt ærleg? Ingenting. Det berre gav meining.

Fritid og byutvikling

Det går ikkje berre i aksjonar og klimasøksmål for leiaren. Noko fritid er det også.

– Eg prøver jo å lære meg litt andre ting – så det har blitt mange bøker om arkitektur og byutvikling historisk.

 

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Det er vel vervet 😉 Men det går mykje tid til å kome seg frå og til møte.

Draumeoverskrifta

Den nye leiaren sjekkar NRK kvar dag for nyheiter.

Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– «Regjeringa legg fram nedtrappingsplan for olje og gass!»

Førebels ligg ikkje den overskrifta særleg godt an. For eit par veker sidan var Blaževičius ute mot 63 nye oljelisensar frå regjeringa.

Idealsamfunnet og Washington med fries

Det tyder likevel ikkje at han ikkje kan drøyme om ei betre verd.

– Kva er idealsamfunnet, og korleis skal vi nå det?

– Eit samfunn der vi ikkje utnyttar naturen, men heller nyttar og nyt han. Det som må til er ei heilskapleg endring i tankesettet til vestlege land.

Og han meiner det ikkje treng å vere slik ein ønskedraum som mange tenker.

– Det er ei samansetjing av løysingar, men eg trur vi må bli flinkare til å lære av dei som lever med slike tankesett i dag, for det finst jo!

Den fyrste amerikanske presidenten har kanskje interessante perspektiv å dele?

Sjølv om Blaževičius ikkje har nokon spesielle leiarførebilete, veit han godt kven han ville invitert på middag. Det blir George Washington, den fyrste amerikanske presidenten.

– Eg vil gjerne høyre kva Washington tenker om kva USA har blitt til i dag. Og eg hadde nok servert litt fries med dip!


Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

Utrenskning av Sofi Oksanen. Fyrst og fremst er det ei fantastisk bok, men mest fordi veldig mange i Noreg, erfaringsvis, har veldig mange formeiningar om korleis det var å leve i Sovjetunionen og i postsovjetiske land – med lite kunnskap. Denne boka er ei god innsikt.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Oppsynsmannen.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Kom deg over av Beglomeg, det er motivasjonslåten.