Kan Kamala Harris vinne unge røyster med kokosnøtt-memes og «brat summer»?

Dersom du har vore innom den delen av TikTok som er interessert i det amerikanske presidentvalet dei siste dagane, har du sett nok av videoar med Kamala Harris sitt kokosnøtt-sitat og latter redigert inn i populære songar.

Åshild Slåen
Publisert

Den offisielle kontoen til Kamala Harris publiserte nyleg denne biletserien, der dei har brukt Chappell Roan sin song «Feminenomenon» over bilete av Harris og Trump. Posten er sett over 42 millionar gonger.

Mengda memes som no kjem rundt den nye presidentkandidaten til demokratane er ein respons på månader med oppgitte tenåringar og folk i 20-åra som har rive seg i håret over valet dei må ta, og late frustrasjonen ut på sosiale medium.

 

@strawbrry.cakeelike are there really no better options than the two extremes??♬ Biden – Bo Burnham

Etter presidentdebatten mellom Joe Biden og Donald Trump, som av dei aller fleste vart sett på som historisk dårleg, var det lite politisk analyse som vart gjort. I staden kanaliserte mange frustrasjonen sin ved å redigere videoar der dei tulla med at Biden og Trump var i eit slags forbode kjærleiksforhold.

 

@onlyalaina #TRIDEN guys I ship them sm 🥺 #donaldtrump #joebiden #xybca #foryou ♬ original sound – 𝐴𝐿𝐴𝐼𝑁𝐴

Så kom Biden sin avskjed frå presidentvalet, Harris trår til som presidentkandidat, og plutseleg er noko av den håplause retorikken rundt valet letta på.

Kva memes kan Kamala by på?

Den største memen var populær allereie før ho sa ho ville vere presidentkandidat.

Ein redigert lyd frå 2023 då Harris talte for nye tilsette innan utdanningssektoren, har blitt brukt i tallause videoar.

I tala seier ho «You think you just fell out of a coconut tree? You exist in the context of all in which you live and what came before you», eit sitat frå mora Shyamala Gopalan.

Det ganske sære sitatet, saman med latteren hennar har vore ei gullgruve for dei som vil redigere saman rare videoar.

 

@temhota36 #charlixcx #brat #fyp #viral ♬ Apple – Charli xcx

Når artisten Charli XCX, som har lansert «Brat summer» som eit fenomen, i tillegg skreiv på X (tidlegare Twitter) måndag at «Kamala IS brat», var det fritt fram for å blande musikken til artisten med ikoniske sitat frå visepresidenten.

(For deg som er i ferd med å slå opp uttrykket i Urban Dictionary: Ifølgje Charli XCX er ein brat den jenta som er litt rotete, som likar å feste og kanskje seier litt dumme ting, som er sjølvsikker, samstundes som ho kanskje har eit samanbrot, men som festar seg gjennom det.)

Den neongrøne estetikken til artistens Brat-album er tydeleg i fleire av videoane som no blir laga med Kamala Harris.

Charli XCX er ikkje den einaste som blandar seg inn i imaget til den nye presidentkandidaten.

Kamala Harris sin latter og koksnøttsitatet har blitt redigert saman med mariokart-musikk og songar av Taylor Swift, Nicki Minaj, og ikkje minst: Kesha.

 

@kesha♬ Blow by Kesha Kamalas Version – En

Artisten Kesha har allereie laga to videoar der ho dansar til ein redigert versjon av songen sin Blow.

Dett veljarane frå kokosnøtt-tre?

Kjem kokosnøtt-memes og brat summer-Kamala åleine til å gjere at Harris vinn valet? Nei, absolutt ikkje.

For mange republikanarar ligg ho for langt til venstre til at dei blir lokka vekk frå Trump. På venstre-sida er det mange som ikkje likar arbeidet ho gjorde som førstestatsadvokat i delstaten California, og spørsmålet rundt korleis ho kjem til å handtere Israel-Palestina er sentralt for mange unge.

Det som er sikkert, er at det demokratiske partiet har hatt eit problem med å nå ut til dei yngste veljarane med Joe Biden som presidentkandidat. I eit val der resultatet i mange valdistrikt allereie er ganske sikkert, og avgjerda om kven som blir president kan kome ned til nokre hundretusen veljarar i vippestatar, er litt rare og artige TikTok-videoar eit godt verktøy for å nå unge.

via GIPHY

Pst! Vil du ha ei litt meir seriøs sak om Kamala Harris som presidentkandidat? I denne saka har Framtida prata med ein faktisk USA-kommentator: