Kamala Devi Harris (59) står klar til å ta over brannfakkelen som den nye presidentkandidaten for demokratane no som Joe Biden har trekt seg. Kven er ho?

Åshild Slåen og Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Då Joe Biden sundag gav beskjed om at han trekker seg som presidentkandidat for demokratane, snudde han opp ned på valet i november.

– Dette var svært forventa, slik det utvikla seg etter debatten i slutten av juni.

Det skriv Sigrid Rege Gårdsvoll til Framtida på e-post. Ho er kommentator i Vårt Land og for AmerikanskPolitikk.no.

Den største endringa er at visepresidenten hans, Kamala Harris, truleg tek over som presidentkandidat.

Biden har vore upopulær, spesielt blant unge, ei stund.

Den dårlege prestasjonen i presidentdebatten mot Donald Trump kjem på toppen av Israel-Palestina-politikken hans, og at han er 81 år.

Kamala er derimot ein sprek 59-åring.

Men kan ho slå Trump?

Må halde på begeistringa

Gårdsvoll trur Harris har 50 prosent sjanse for å vinne mot Trump.

– Kanskje litt mindre enn det. Trump har lege godt an på målingane fram til no, og sjølv om Harris er ein betre kandidat enn Biden akkurat no, er det ikkje gjeve at ho kan slå Trump i november, skriv ho.

At Biden trekker seg så kort tid før valet, gjer det vanskelegare for den nye kandidaten.

Sigrid Rege Gårdsvoll er kommentator i avisa Vårt Land. | Foto: Kristian Myhre

– Kamala Harris er heldigvis godt kjent allereie som visepresident, mens ein annan kandidat ville hatt ei nesten umogleg oppgåve med å oppnå den same synlegheita.

– Er Harris ein kandidat som vil vere populær blant unge?

– Ho kan vere det – spørsmålet er om ho kan halde på entusiasmen etter at den første bølga av begeistring går over.

Advokaten Kamala

Kamala Devi Harris vart født 20. oktober 1964 i Oakland i California. Mora hennar, Shyamala Gopalan, var biolog som innvandra til USA då ho var 19. Far hennar, Donald J. Harris, var ein økonomiprofessor med bakgrunn frå Jamaica.

Dersom Harris blir valt som president vil ho vere historisk, både som den første kvinnelege presidenten, den første presidenten med indisk bakgrunn, og sjølvsagt den første svarte kvinna.

Før ho vart senator for California i 2017, hadde Kamala Harris ein lang karriere innan juss.

Ho studerte økonomi og statsvitskap ved Howard University, eit historisk svart universitet, og utdanna seg som advokat ved University of California. Harris vart ferdig utdanna i 1990, og vart tilsett som aktor i ein kommune i delstaten.

I 2011 vart ho valt inn som førstestatsadvokat i California, og det er her den politiske karrieren hennar verkeleg starta. Ho har fått rykte på seg for å vere hard mot kriminelle, samstundes som ho tidleg var tydeleg motstandar av dødsstraff.

Bakgrunnen i juss kan hjelpe ho i både debattar og nokre av dei meir betente politiske sakene dette valet.

– Ho har dei siste åra vore ei tydeleg stemme til forsvar for abortrettar i møte med Høgsterettsavgjerdene som har innskrenka aborttilgangen i USA, skriv Gårdsvoll.

Harris er til venstre for Biden på visse saker, fortel ho, men tida som førsterettsadvokat pregar det biletet folk har av visepresidenten. Ho har heller ikkje markert seg merkbart i perioden som visepresident.

– Det er jo også litt av jobben til ein visepresident å ikkje vere «i vegen» for presidenten. Samstundes har ho også hatt eit par oppdrag som var «hennar», mellom anna situasjonen på grensa mot Mexico, som ho ikkje har fått dreisen på slik ein skulle ønske.

Den vanskelege visepresidenten

I praksis er det ingen andre aktuelle presidentkandidatar for det demokratiske partiet. I slutten av august skal dei ha landsmøtet sitt, og med støtte frå både Biden og fleire andre toppolitikarar, kjem Harris til å bli valt.

Likevel er det kort tid før valet, og det byr på fleire utfordringar. Den konservative tankesmia «The Heritage Foundation» har sagt dei vil utfordre kor lovleg det er for partiet å endre kandidaten på stemmesetelen så nærme valet. Det kan få store konsekvensar om dei slår gjennom i vippestatar som Pennsylvania, men ifølgje CNN er det tvilsamt at slike søksmål vil nå fram.

Eit anna punkt er kven som blir visepresidentkandidaten til Harris.

– Dei mest aktuelle visepresidentkandidatane er nok Josh Shapiro og Roy Cooper, guvernørane i høvesvis den viktige vippestaten Pennsylvania, og Nord-Carolina. Outsider-kandidatar er Kentucky-guvernør Andy Beshear og samferdsleminister Pete Buttigieg, skriv Gårdsvoll.

Er guvernør Roy Cooper frå Nord-Carolina det rette valet som visepresidentkandidat for Kamala Harris?

Ho trur det at Harris er ei minoritetskvinne vil påverke valet.

Josh Shapiro er guvernør i Pennsylvania, og kanskje den rette motsatsen for Kamala Harris?

– Det kjennest rimeleg trygt å anta at Harris vil gå for ein kvit mann som sin medkandidat, og gjerne ein som kan gje ein liten fordel valmessig. Då er nok Shapiro det beste kortet.