Vakna til sjokknyheita frå heimlandet: – No er eg endå meir nervøs for valet

Amerikanske Emilia Nardi (32) er endå meir nervøs og spent på det amerikanske presidentvalet etter attentatforsøket mot Donald Trump.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg hadde nettopp vakna. Kjærasten min sa til meg at eg måtte sjekke nyheitene. Eg gjekk inn på BBC, og såg toppsaka der.

Det fortel amerikanske Emilia Nardi om korleis ho først høyrte om skota som var løyste mot den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump.

– Det er veldig sjokkerande. Diverre er skytingar ikkje så uvanlege i USA no om dagen, men det er veldig sjokkerande å sjå nokon forsøke å skyte presidentkandidaten, seier ho.

Nardi er sjølv demokrat, men uavhengig av politisk farge slår ho fast at det aldri er greitt å ty til politisk vald. Ho er glad for at hennar eige parti umiddelbart fordømma attentatet.

Kjenner avstanden

Nardi har budd i Stavanger i to og eit halvt år. Ho har vakse opp rundt omkring i heile USA, men har størst tilknyting til hovudstaden Washington DC, der ho etter kvart fekk seg jobb i eit norsk helsefirma. Jobben tok henne deretter til Noreg. Ved sida av jobbar ho frivillig som direktør for sosiale medium i organisasjonen Democrats Abroad i Noreg (DAN). Gjennom DAN hjelper ho amerikanarar i Noreg med informasjon og ressursar for å kunne røyste i heimlandet.

Nardi fortel at det er litt merkeleg å vere i utlandet når ei slik hending skjer i heimlandet.

– Eg kan ikkje hugse mange hendingar som har vore såpass betydelege som denne, etter at eg flytta. Eg føler meg definitivt på avstand frå situasjonen på ein annan måte enn om eg hadde vore i USA, seier ho.

– Når vi veks opp, høyrer vi om andre attentat og drapsforsøk på tidlegare presidentar i skulen. Ronald Reagan var den siste vi veit om, han overlevde jo. Når vi veit at dette har skjedd nokre gonger historisk, kjennest det litt som at historia gjentek seg sjølv, seier Nardi.

Då ho budde i Washington DC var ho omgitt av politikk heile tida. Det står i stor kontrast til å vere på eit anna kontinent når ei så dramatisk hending skjer.

– Eg saknar venene og familien min uansett omstenda, men eg føler særleg på at vi opplever desse hendingane annleis no, seier ho.

Kan styrke Trump

Det var natt til sundag norsk tid at Donald Trump vart skoten mot, under eit valkampmøte i Pennsylvania. Skyttaren vart skoten og drepen på staden, og vart identifisert som 20 år gamle Thomas Matthew Crooks. Trump vart treft i øyret. To dagar seinare stilte han med bandasjert øyre opp på landsmøtet til republikaranane i Milwaukee, der han formelt vart utpeikt som den republikanske presidentkandidaten, og samstundes valde James David Vance som visepresidentkandidat.

I etterkant av skytinga spekulerer ekspertar i om sjansane til Trump i valet kan vere styrka, fordi han både kan få sympati, og ikkje minst vert framstilt som ein sterk karakter som reiser seg etter attentatforsøket.

På den andre sida har den sittande presidenten, Joe Biden, vorte kritisert for å vere – og framstå som – svært gammal; særleg etter den første debatten mellom presidentkandidatane. Fleire stiller no spørsmål kring helsetilstanden til Biden.

Følger med

Emilia Nardi fortel at ho i det siste har følgt meir med på nyheitene frå heimlandet enn ho har på ei god stund. Ho viser til at skytinga får mykje merksemd også i sosiale medium, særleg blant nettverket hennar i Washington DC. I sosiale medium har det dessutan florert med teoriar rundt gjerningspersonen og motiva hans.

– Det er ein interessant reaksjon på politiske hendingar, anten det er tragiske eller positive hendingar, med vitsar og memer. Det er ein slags mekanisme for å takle forferdelege ting som skjer. Men eg er oppteken av å følge den faktiske nyheitsdekninga òg. I ei tid med mykje desinformasjon prøver eg å vere kjeldekritisk og bruke truverdige nyheitsleverandørar. Eg er ikkje på Twitter, seier ho.

Nervøs for valet

Nardi er sikker på at attentatet kjem til å få påverknad på presidentvalet i haust.

– Eg trur at det vil påverke valet, men eg har ingen aning om korleis. Det kjenst for verknadsfullt til å ikkje ha nokon effekt, men eg trur ikkje nokon kan spå kva det vil vere før etter valet, seier ho.

– Eg var nervøs og spent på valet før dette. No endå meir, seier ho.

– Er det noka lette i å vere borte frå USA under ei så spent tid?

Emilia Nardi kjem frå USA; og har budd i Stavanger i to og eit halvt år. Foto: Privat

– Eg er uansett stressa over valet sjølv om eg ikkje bur der for augeblinken. Grunnen til at eg jobbar frivillig for DAN er nettopp at dei siste vala har vore så spente og så polariserte. Eg har lyst til å hjelpe folk, og hjelpe til med den demokratiske prosessen, seier ho.

Verda følger med

Nardi fortel at ho har fått eit anna perspektiv på amerikansk politikk etter at ho flytta til Noreg.

For det første har ho innsett kor mykje resten av verda interesserer seg for kva som føregår i den amerikanske politikken.

– Nokre nordmenn kan fortelle meg meir om det amerikanske politiske systemet, enn om det norske! seier ho.

Ho viser òg til at denne typen våpenvald ikkje er like utbreitt i Noreg som i USA. Ho er takksam for å bu ein stad med mykje mindre våpenvald, men er trist og bekymra for venene og familien som må leve med vissa om at våpenvald kan skje når som helst.


Les også: Sju attentat på amerikanske presidentar – den blodige historia om amerikansk politikk

Tidlegare president Donald Trump medan Secret Service forsøker å beskytte han etter han vart skoten i øyret 13. juli 2024. Foto: AP Photo/Evan Vucci