Noreg når klimafinansieringsmål for andre året på rad

Noregs klimafinansiering i 2023 var på 16.5 milliardar kroner. Dette er 2,5 milliardar høgare enn doblingsmålet som Noreg har forplikta seg til.

NPK-NTB
Publisert

Under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 forplikta Noreg seg til å doble klimafinansieringa si frå sju milliardar koner i 2020 til 14 milliardar kroner innan 2026. Dette målet har Noreg nådd for andre året på rad, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

– Vi treng store investeringar i fornybar energi i utviklingsland og vi treng det no. Berre slik kan vi kutte utslepp, gi fleire tilgang til straum og samtidig ha økonomisk utvikling. Noreg viser veg med ein forsterka innsats og auka investeringar frå Norfund gjennom Klimainvesteringsfondet, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Dette er ein del av Noregs bidrag for å få bukt med klimaendringar og støtte utviklingsland med klimatilpassings- og utsleppsreduksjon.

Doblinga av Noregs klimafinansiering er del av eit større mål for rike land om å mobilisere 100 milliardar dollar årleg i klimafinansiering frå og med 2020. I mai vart det annonsert at dette målet vart nådd i 2022.