Meir hatkrim etter 25. juni-terror – færre truslar mot enkeltpersonar
Den registrerte hatkriminaliteten i pride-månaden juni har auka etter terroren 25. juni 2022. Men over halvparten av sakene dreier seg om tjuveri og skadeverk på regnbogeflagg.
– I flaggsakene der vi har ein mistenkt, ser vi at dei oftast er mindreårige eller unge vaksne, skriv Tarje Lindberg Gulbrandsen, leiar av Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet, i ein e-post til Klassekampen.
Oslo politidistrikt opplyser til Klassekampen at talet på truslar retta mot enkeltpersonar eller pride har vore færre i år enn i fjor.
Samtidig har dei registrert 68 straffesaker som omfattar hatkriminalitet motivert av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i juni månad. Talet på hatkrimsaker mot skeive i pride-månaden nasjonalt var 107, inkluderte tala frå Oslo.
Nivået på hatkrimsaker retta mot skeive er omtrent det same som i fjor, då det var 62 saker, men ein markant auke frå juni 2022, då det vart registrert 16 saker i Oslo og 39 nasjonalt.
Gulbrandsen ser ikkje bort frå at auken kan komme av eit auka medvit etter terrorhendinga mot skeive i Oslo 25. juni 2022.
– Det er uklart om auken tilseier at det i samfunnet er ei auka forståing for å melde eller tipse politiet, noko som er bra for å avdekkje mørketal, eller om det inneber at det har vore fleire hendingar.