Val i Frankrike

Jubel for venstresida i Frankrike – og sjølvstenderørsla i Ny-Caledonia

Den siste runden i det franske parlamentsvalet blei heldt i helga. President Emmanuel Macron var sjølv ikkje på val, men får no eit mykje meir krevjande grunnlag å styra på.

Magnus Rotevatn
Publisert

Då valresultatet tikka inn frå sundagens val i Frankrike, blei dei fleste overraska. Heilt uventa fekk venstrealliansen Nouveau Front populaire (NFP) flest sete i parlamentet.

Ytre høgre-partiet Rassemblement national – som mange hadde spådd ein knusande siger – enda opp som berre den tredje største partigruppa.

Ikkje noko parti fekk absolutt fleirtal, og fransk politikk går no ei uviss framtid i møte. NFP ynskjer å danna regjering, men har korkje ein statsministerkandidat eller nok mandat i parlamentet. Spenninga ligg no i om nokre parti klarar å finna eit grunnlag for å samarbeida.

Frankrike har eit system med både statsminister og president. Og uansett kva som skjer, blir president Macron etter alt sannsyn sitjande.

Mange letta over at ytre høgre ikkje vann

Før valet var det mange som både trudde og frykta at sigeren ville gå til partiet Rassemblement national (Nasjonal Samling på norsk). Partiet står ytst til høgre og er særs kritiske til innvandring, jamleg blir dei òg skulda for å vera rasistiske.

Bilete av Marine Le Pen

Marine Le Pen er frontfigur for ytre høgre-partiet Rassemblement national

At partiet i tillegg er EU-skeptisk og ikkje gir Ukraina ei klar støtte i krigen mot Russland, gjorde at mange blei letta då det viste seg at Rassemblement national ikkje vann.

Den polske statsministeren Donald Tusk tvitra på X: «I Paris entusiasme, i Moskva skuffelse, i Kyiv lette. Nok til å vera nøgde i Warszawa»

Ynskjer sjølvstende frå Frankrike

Også utanfor det franske fastlandet blei det eit spennande val. Emmanuel Tjibaou vann eit av dei to seta som det oversjøiske territoriet Ny-Caledonia har i den franske nasjonalsamlinga.

Ifylgje The Guardian så er dette fyrste gong på nesten førti år at ein kandidat som ynskjer sjølvstende frå Frankrike vinn.

Tidlegare i år var det stor uro på Ny-Caledonia. Valdelege protestar braut ut då det franske parlamentet debatterte ei grunnlovsendring. Ny-Caledonia sitt urfolk – kanakane – frykta dei ville bli ytterlegare marginaliserte, då grunnlovsendringa inneber at franskmenn lettare får røysta i lokale val.