Avrår unge frå karriere i Forsvaret: – Går ut av arbeidslivet som minstepensjonist

Stemninga var god då statsministeren besøkte kystvaktskipet KV Svalbard. Men under dekk fortel tilsette om misnøye og ei lønn og andre ordningar som ikkje held mål.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen
Publisert

– Det forundrar meg at det ikkje er meir samsvar mellom festtalane til politikarane om styrking av Forsvaret og det dei viser med handling, seier Torgeir Tangedal til NTB.

Han jobbar på KV Svalbard og er tillitsvald for Befalets fellesorganisasjon i Kystvakta.

Fleire av dei tilsette fortel om sterk misnøye med lønnsvilkåra – og spesielt ein omstridd pensjonspraksis som lagmannsretten nyleg fastslo at var feil. Staten valde å anke dommen, noko mange er skuffa over.

– Vi har ein fantastisk arbeidsplass med utruleg spennande og varierte oppgåver. Men stemninga om bord akkurat no er dårleg som følgje av dette, seier Tangedal.

– Dårleg behandla

Kystvakta er ein del av Forsvaret og heilt sentral for beredskapen langs heile kysten. Då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) besøkte skipet i Bodø sist onsdag, skrytte han av den viktige innsatsen dei gjer.

Men dei tilsette kjenner seg ikkje skikkeleg verdsette.

– Ein kjenner seg dårleg behandla. Det er klart at det er ikkje bra. Det er ikkje bra for ytinga vår, seier Tangedal.

Ein stor del av inntekta til dei tilsette i Kystvakta og anna operativ teneste i Forsvaret er basert på tillegg dei får for å vere ute på segling.

Men pensjonen blir berre berekna ut frå grunnlønna, som er relativt låg.

– Ungdom som kjem inn i Forsvaret, bør nytte det flotte høvet til det. Men dei bør finne seg noko anna å gjere i 30-åra for å ha ein alderspensjon som er til å leve av når den tid kjem, seier Tangedal.

– Unngå å bli sjuk

Logistikk- og materialbefal Hanne Haug seier ho har det skikkeleg bra på jobb.

– Men så har ein den store haka ved at ein går ut av arbeidslivet som minstepensjonist, seier ho.

Ho seier at det same skjer dersom ein blir sjuk og trygda.

– Støre reklamerer med at ein ikkje skal tape på å bli sjuk. Men vi kjem til å tape veldig mykje viss vi blir sjuke. Så det må ein unngå for alt det er verd, seier ho.

Tilsette sluttar

Mange av dei vel ti tilsette NTB møter på skipet når det ligg til kai i Bodø, er bekymra for rekrutteringa.

– Det var seinast ein som gjekk av båten i dag, som slutta mellom anna på grunn av pensjonsordningane, seier Haug.

Ein annan tilsett, som ønskjer å vere anonym, har byrja å sjå seg om etter noko anna.

– Søknadane til det sivile næringslivet er sendt, seier han og held opp seks fingrar for å vise kor mange søknader det er snakk om.

– Når vi gamlingar stikk, kven skal ta over då, spør han.

Tillitsvalde Tangedal seier at Kystvakta allereie opplever mangel på kompetanse etter at mange har slutta.

– Dette fører mellom anna til auka belastning på dei erfarne som er igjen, og aukande tal på uønskte hendingar i tenesta, seier han.

Knip inn

Stortinget vart i vår samd om ein ny langtidsplan for å styrkje Forsvaret med hundrevis av milliardar kroner dei neste åra.

– Det er veldig krevjande å vere konkurransedyktig når ein skal rekruttere folk, sånn som forholda er no. Dei skal investere enorme summar i infrastruktur, nye fartøy, stridsvogner og mykje anna materiell. Men viss dei ikkje får folk til å bruke det, kva er då vitsen, spør Tangedal.

Han seier dei har mista fleire ordningar og gode dei siste åra gjennom innsparingar.

På kystvaktfartøy jobbar dei tre veker på og tre veker av. Reknar ein talet på timar dei tilsette då er tilgjengeleg for arbeidsgivar, svarer det til over to årsverk i året, påpeikar Tangedal.

– Så lenge forholda er bra rundt deg elles, klarer du å jobbe på den måten. Men viss dei byrjar å knipe for mykje, og det er no gjort, så blir det krevjande, seier han.

– Prinsipielt

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ønskjer ikkje å kommentere denne saka og viser til Forsvarsdepartementet. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har førebels ikkje svart.

Statens pensjonskasse (SPK) er motpart i rettssaka om pensjonsordninga i Forsvaret. Juridisk direktør Rune Huse Kristoffersen i SPK seier at dei meiner tillegga er å rekne som overtidsbetaling.

– Lagmannsretten konkluderte med at fartøy- og vakttillegg blir rekna som faste tillegg og dermed er pensjonsgivande. Her er lagmannsretten og vi usamde, seier Huse.

– Dette er prinsipielle spørsmål som det er avgjerande å få avklart for at vi skal kunne berekne rette pensjonar. Derfor meiner vi at Høgsterett må avgjere saka,