Vekas viktigaste: Europeisk naturlov, borgarvern og likekjønna ekteskap
Politisperring på Torshov i Oslo, der det skal ha blitt avfyrt skudd tirsdag kveld.
Foto: | Foto: AP Photo/Hassan Ammar, Beate Oma Dahle / NTB, AP Photo/Sakchai Lalit
Her er nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Trippelt så mange barn drepne i konfliktar
Tre gongar så mange barn og dobbelt så mange kvinner vart drepne i konfliktar i 2023 samanlikna med 2022, informerte FN om på tysdag.
Totalt var det 72 prosent fleire sivile dødsfall.
Konflikten på Gazastripa er ein hovudgrunn til auken i dødsfall. Menneskerettssjef i FN, Volker Türk, peikar spesielt på dei 120 000 skadde og drepne sidan Israel starta motåtaket for Hamas sitt åtak 7. oktober.
– Nesten éin million palestinarar har blitt fordrivne igjen, medan naudhjelp og tilgangen til humanitær hjelp blir verre.
Han viser også til dødsfall frå andre konfliktar, inkludert i Ukraina, Syria, Den demokratiske republikken Kongo og Sudan.
Barn i Libanon tenner lys i solidaritet med dei som døyr i Gaza. Frå Mai 2024. | Foto: AP Photo/Hassan Ammar
Kripos-rapport: Mange involvert i æresdrap går fri
Mellom 2000 og 2022 meiner Kripos det har vore 24 drap i Noreg som er æresbaserte, ifølgje ein ny rapport. Svært få av desse har blitt etterforska som æresdrap.
I 11 av sakene blir det vist til at andre gjerningspersonar medverka til drapet, men det er berre ei sak der nokon er dømt for medverknad.
– Ofte står drapsmannen fram med ein gong og forklarar seg grundig. Då har ein det som kan sjå ut som ei opplagd drapssak. Men så kan det eigentleg vere lange konfliktlinjer, med mange medverkande, som kanskje burde blitt etterforska.
Det seier Lene Wold frå Kripos til NRK.
Ho fortel at dei no har utarbeidd kjenneteikn som skal gjere det enklare å identifisere æresdrap.
Kripos sitt bygg i Oslo frå 2017.
Kripos bygg i Oslo.
| Foto: Gorm Kallestad / NTB
«Pedojegar»-nettverk spreiar video av overfall
Ein video av ein mann som skal ha blitt overfallen og knivstukken av ein 14-åring i Luster i Sogn, er sett over 80 000 gongar. Videoen har blitt spreia av ei gruppe som kallar seg «pedojegarar», som hevdar dei lokkar vaksne inn i overgrepsfeller. 14-åringen i videoen skal ha vore med i nettverket.
Mannen som vart stukken med kniv, er sikta for seksuell omgang med eit barn under 16 år. Ein 14-åring er sikta for drapsforsøk, og tre 15-åringar er sikta for medverking til drap, og politiet meiner motivet er overgrepssiktinga til mannen.
Politiet er bekymra for bruken av vald frå ungdommar som er involvert i slike nettgrupper, og at det tek ressursar frå politiet når grupper bestemmer seg for å drive med borgarvern.
– Politiet må drive etterretning, etterforsking og førebygging mot personar som har gjort seg skuldig i eller utgjer ein risiko for å gjere seg skuldig i alvorleg vald. Nokre borgarverngrupper kan falle inn under denne kategorien, seier Guro Skjerve, leiar for etterretningsseksjonen i Kripos til VG.
Ho fortel at det gjer at politiet brukar kapasitet dei kunne brukt for å hindre og etterforske seksuelle overgrep mot barn.
Illustrasjonsfoto frå politisperring i Oslo. | Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Lova inneber at EU-landa har to år på seg til å leggje fram planar for korleis dei skal restaurere 20 prosent av øydelagt mark og våtmark innan 2030.
Forslaget har møtt motstand i fleire land, spesielt frå bønder. Italia, Ungarn, Nederland, Polen, Finland og Sverige er blant dei som stemte mot lova.
Lova følgjer opp lovnadane frå FNs naturtoppmøte i 2022 i Montreal, der landa vart einige om å verne 30 prosent av utvalt natur.
Våtmarker er blant naturområda som skal vernast i den nye EU-lova. Her frå eit myrområde i Estland. | Foto: Abrget47j, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons
I år reiste rundt 1,8 millionar menneske på pilegrimsreise til Mekka, den meste heilage byen i islam. Mange av dei eldre trengde helsehjelp på grunn av varmen.
Det er framleis mange sakna, og fleire leitar etter familiemedlemar i dei forskjellige sjukehusa i området.
Pilegrimsreisa til Mekka i Saudi-Arabia skjer årleg. I 2024 vart pilegrimsferda avslutta søndag 16. juni.
Foto: Adli Wahid, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
✨Lyspunkt✨: Thailand gjer likekjønna ekteskap lovleg
Som det fyrste landet i Søraust-Asia, har Thailand godkjent likekjønna ekteskap. Nasjonalforsamlinga stemte for den nye lova på tysdag, og det må no bli signert av den thailandske kongen, Maha Vajiralongkorn.
120 dagar etter dette kjem lova til å tre i kraft, og likekjønna personar kan gifte seg med kvarandre.
Likekjønna ekteskap er berre lov i to andre asiatiske land, Nepal og Taiwan.
Frå pride-paraden i Bangkok i Thailand 1. juni. Landet er det første i søaust-Asia som gjer likekjønna ekteskap lovleg. | Foto: AP Photo/Sakchai Lalit
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.