Færre truslar mot pride enn i fjor

PST seier til Aftenposten at dei framleis registrerer truslar mot pride, men talet er mindre enn i fjor.

NPK-NTB
Publisert

– Det er registrert truslar som grensar opp mot det som er ulovleg, som å true med terror, fortel seniorrådgivar Eirik Veum i PST til avisa.

Men talet går nedover. Veum opplyser at PSTs inntrykk er at talet på pride-truslar er litt mindre enn i fjor.

Bodskapen blir støtta opp under av leiaren for felles eining for operative tenester i Oslo politidistrikt.

– Per no har ikkje politiet i Oslo motteke konkrete, alvorlege truslar, seier Martin Strand.

Han seier at dei ser færre truslar og hatefulle ytringar retta mot pride enn på same tidspunkt enn i fjor. Utviklinga gler dagleg leiar i Oslo pride, Dan Bjørke, som trur ein meir open og normalisert feiring er årsaka til færre truslar.

– Vi tek stadig steg mot å bli eit meir inkluderande samfunn, og fleire har lyst til å bli med på feiringa, seier Bjørke til Aftenposten.