Knappe tre månader etter Michelle byrja som lærling, starta ho å tatovere.

Åshild Slåen
Publisert

– Den aller største draumen er å opne mitt eige studio. Eg ynskjer å skape det beste arbeidsmiljøet for dei som ynskjer å jobbe der og den beste staden for kundane å kome til.

Det skriv Michelle Fossum (22) i ein e-post til Framtida. Ho er tatovør ved Timeless Tattoo i Oslo, og starta tatoverings-karrieren sin i 2021.

– Min jobb går ut på å designe og utføre tatoveringar. I tillegg inneber arbeidet kundebehandling og administrative oppgåver, som for eksempel rekneskap, dersom ein vel å gjere det sjølv.

Om Michelle

Namn: Michelle Fossum

Alder: 22 år

Frå: Jessheim, men bur og jobbar i Oslo

Yrke: Tatovør

Utdanning: Studiespesialisering på vgs og årsstudium i økonomi og leiing

 

Lærer frå andre tatovørar

For å bli tatovør, må ein lære frå nokon som kan det allereie. Det er inga formell utdanning for å bli tatovør i Noreg. Fossum fortel at vegen inn ofte er å kontakte eit tatoveringsstudio for å vise kunstverka dine, og håpe på lærlingplass.

Michelle Fossum starta på vegen til å bli tatovør i februar 2021. Her frå studioet til Timeless Tattoo i Oslo. | Foto: Michelle Fossum

Det var det ho sjølv gjorde då ho starta.

– På ein fredag for tre år sidan leverte eg ein portefølje med mine teikningar og måleri til eit tatoveringsstudio i heimbyen min. Studioets eigar tilbaud meg deretter ein lærlingplass, og eg starta allereie måndagen etter.

Opplæringa starta i februar 2021. Dei fyrste månadane gjekk med til å lære korleis studioet vart drive, mykje teikning og å observere dei andre tatovørane medan dei arbeidde.

– Ein byrjar med å tatovere på «fake skin» og deretter på frivillige, som det overraskande nok er mange av, haha.

Allereie i april same år var ho i gang med å tatovere folk.

Ville ha ein kreativ jobb

Fossum har alltid vore kunstnarisk. Teikneevnene har ho utvikla på fritida, ved sidan av skule.

– Det gir meg ei kjensle av terapi å kunne kople av med kreative ting.

Ein ven av henne, som hadde fått mange tatoveringar, såg kor mykje ho teikna, og foreslo det som jobb.

– Dette var noko eg aldri hadde tenkt på tidlegare, men frå denne dagen vart det min draum.

Stereotypiar

– Stemte forventningane du hadde til yrket?

– Forventningane mine til yrket var nok prega av vanlege stereotypiar. Før eg byrja, trudde eg ikkje at eg ville passe inn, blant anna fordi eg ikkje har mange tatoveringar sjølv.

Ho hadde også høyrd dårlege rykte om arbeidsmiljøet, og var litt bekymra for det.

– Etter nokre år i bransjen kan eg seie at desse bekymringane har blitt motbeviste. Eg har møtt mange utruleg kule folk og funne min plass. Sjølv om eg er litt annleis enn mange av tatovørane eg kjenner, betyr det ikkje at eg ikkje passar inn. Eg opplever at folka i bransjen er støttande og heiar på kvarandre.

Må drive sjølvstendig

I løpet av ein vanleg dag kommuniserer ho med kundane sine gjennom å svare på e-postar og meldingar på Instagram. Ho teiknar design på iPaden sin, og ho tatoverer. I tillegg brukar ho mykje tid på å redigere bilete og lage innhald til sosiale medium.

Fossum starta i jobben like etter vidaregåande skule, og hadde ikkje noko utdanning som førebudde ho spesifikt på yrket. Likevel er det noko påfyll ho synest er nyttig.

– Det siste året har eg studert økonomi og leiing ved sidan av jobben. Sjølv om dette ikkje hjelper mykje med sjølve tatoveringsarbeidet, er det veldig nyttig for rekneskapsdelen, som eg handterer sjølv.

Det er viktig å ha gode bilete til Instagram for å vise fram arbeidet sitt som tatovør. | Foto: Michelle Fossum

Blir kjend med mange

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er alle menneska eg møter, både kundar og andre tatoveringsartistar. Det å kunne bli kjent med menneske frå hele verda og vere ein del av eit sosialt miljø er fantastisk. I tillegg er prosessen med å lage designet utruleg gøy når ein samarbeider med kunden for å realisere deira visjon.

Samstundes er det utfordrande å skilje mellom jobb og fritid. Ho fortel at sjølvstendige næringsdrivande ofte alltid er tilgjengeleg for jobben.

Ei anna utfordring er inflasjon. Når folk har strammare økonomi påverkar det også kor mange kundar ho får.

– Som tatovør har du berre inntekt når du har kundar.

Lange netter

Fossum meiner yrket passar godt for personar med lidenskap for kunst og kreativitet. Det er viktig å vere tolmodig, grundig og ha eit auge for detaljar, sidan tatoveringsarbeidet krev at du er presis og nøyaktig.

– Det er også ein fordel å ha gode kommunikasjonsevner og vere komfortabel med å samarbeide tett med kundar. Ein møter på mange ulike typar menneske og det er viktig at dei føler seg vareteken.

Ho trur mange ikkje innser kor mykje arbeid jobben er, og at det ikkje berre er morosamt.

– Ofte sit vi til langt på natt for å fullføre design og halde tritt med meldingar og andre oppgåver. Heldigvis er jobben også veldig morosam, noko som gjer at alt arbeidet absolutt er verdt det!

Ansiktstatovering

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Ein opplever mykje, spesielt i denne jobben. For eksempel hugsar eg godt då eg tok ei ansiktstatovering på ei dame. På denne tida var eg lærling og hadde ikkje halde på lenge. Det var litt av eit press å skulle tatovere nokon på ein så synleg plass. Ho var heldigvis fornøgd.