Jubelmåling for Raudt
Raudt får 8,9 prosents oppslutning på ei ny TV 2-måling. Det er nær ei dobling av valresultatet frå stortingsvalet i 2021.
På TV 2s stortingsbarometer frå Verian går Raudt fram 4 prosentpoeng, til 8,9 prosent.
Også SV gjer det bra på målinga. SV får 11,5 prosent, som er den sterkaste målinga for partiet på nesten 20 år. Saman har Raudt og SV no fleire veljarar enn Arbeidarpartiet, som i denne målinga får 18,6 prosent (-2,7 prosentpoeng).
– Raudts framgang er brei, den kjem frå mange kjelder. Både Arbeidarpartiet, MDG og Senterpartiet gir uvanleg mange veljarar til Raudt, seier TV 2s valanalytikar Terje Sørensen.
Frp fell 0,6 prosentpoeng, og får 15,9 prosent, medan Høgre får 25,5 prosents oppslutning (+0.6)
Målinga i sin heilskap (endringar i parantes): Raudt 8,9 (+4), SV 11,5 (+1,4), Ap 18,6 (-2,7), Sp 5,4 (+0,3), MDG 2,7 (-0,4), Venstre 4,8 (-2), KrF 3,7 (uendra), Høgre 25,5 (+0,6), Frp 15,9 (-0,6), INP 0,8 (-1,5), Andre 2 (+1).
I undersøkinga er 998 personar intervjua i perioden 27. til 31. mai. feilmarginen er mellom +/-1,4 og +/-2,8 prosentpoeng.