Sidan apartheidregimet i Sør-Afrika vart oppløyst i 1994 har ANC hatt fleirtal, med Nelson Mandela som president dei første åra. Partiet mista mykje tillit på grunn av korrupsjonsskandalar medan Jacob Zuma var president, frå 2009 til 2018. Cyril Ramaphosa, som overtok som partileiar og president etter Zuma, har forsøkt å kjempe mot korrupsjon, men saman med høg arbeidsløyse, fattigdom og kriminalitet har det ikkje vore nok for å vinne tilbake tilliten til partiet.
Sidan ANC mistar fleirtalet, vil Sør-Afrika difor for første gong få ei samarbeidsregjering.
Ein valmedarbeidar tømmer stemmesetlar frå valet i Sør-Afrika utover eit bord. | Foto: AP Photo/Themba Hadebe
Truleg 2000 døde etter jordras i Papua Ny-Guinea
Sundag vart Papua Ny-Guinea ramma av eit stort jordras. FN seier at rundt 2000 truleg har omkomme, men hjelpearbeidarar har ikkje fått grave fram alle som vart teke av raset.
Brukollaps etter raset gjer hjelpearbeidet vanskelegare. I tillegg fryktar ein at jorda, som no er gjennomvåt, vil føre til fleire skred, spesielt dersom det blir meir regn i området.
Raset skjedde i provinsen Enga, i den nordlege regionen av landet. Fleire av dei påverka av raset er personar som har flykta frå konflikt i andre delar av provinsen.
Innbyggjarar leiter gjennom eit jordskred i Yambali i Papua Ny-Guinea måndag 27. mai. | Foto: Juho Valta/UNDP Papua New Guinea via AP
693 menneske tok livet sitt i fjor, 70 fleire enn året før. Det er ein oppgang på 11 prosent. Ein må tilbake til 1988 for å sjå like høge tal.
– Det høge talet i 2023 føyer seg inn i ein trend som byrja før pandemien med aukande sjølvmordstal, seier overlege Marianne Strøm ved Dødsårsaksregisteret, FHI, i pressemeldinga.
Kreft er framleis den hyppigaste dødsårsaka, med over 11 000 dødsfall, men dette talet er fallande. Dødsfall frå hjarte- og karsjukdomar går også ned til nivået før pandemien.
Covid-19 dødsfall går også ned. I 2023 var det 1 275 dødsfall som hadde covid-19 som årsak, mot 2 860 i 2022.
Folkehelseinstituttet (FHI) i Oslo. | Foto: Olav Helland, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Samstundes er det fare for at pilotane i Norwegian går ut i streik fordi dei vil ha høgare lønn. Fagforeininga Parat er i forhandlingar med NHO Luftfart, og fristen for å bli einige er midnatt, natt til laurdag.
Streiken til tilsette på Oslo og Bergen lufthavn vart derimot avblåsen denne veka, då Fellesforbundet vart einige med NHO Luftfart.
Leiar av streiken i Unio Stat og leiar av Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, på Unio Stat si streikemarkering 28. mai 2024. | Foto: Stig Weston / Unio
Straffa blir truleg ei stor bot, men han kan også få fengselsstraff.
Forsvararane til Trump har varsla at dei kjem til å anke dommen. Ein slik anke må bli varsla innan ein månad, og papira må vere sende inn innan eit halvt år.
Dommen hindrar han ikkje frå å bli valt som president i det komande valet i november.
Donald Trump i april ved straffedomstolen New York. | Foto: Justin Lane/Pool Photo via AP
I tillegg vart Re-Naa i Stavanger den andre restauranten i Noreg, etter Maaemo, med tre Michelin-stjerner. Tre stjerner skal i Michelin-guiden markere at ein restaurant har eksepsjonell matlaging som er verd ei ekstra reise.
Restaurant Bar Amour, som ligg i andre etasje til Tranen på Alexander Kiellands plass i Oslo, fekk måndag den første Michelin-stjerna si. Dei er ein av tre nye Michelin-restaurantar i Noreg. | Foto: Javad Parsa / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.