… og ho meiner Vigdis Hjorth har Queen energy.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06

– Det halvåret her har det blomstra med lesing for meg. Hittil 11. Vi får sjå då, utover året kva eg har lyst til, og om talet aukar eller ikkje.

Det skriv Carina Edine om kor mange bøker ho les i ein e-post til Framtida.

Sjølv om ho er forfattar og debuterte med romanen Ingen lytter i fjor, var ikkje Edine ein flittig lesar då ho var yngre. Det tek ho att i vaksen alder, og Framtida har fått dykke ned i kva som står i bokhylla hennar.

 

Carina Edine

Alder: 24

Frå: Oslo

Yrke: Forfattar

Utdanning: Livets harde skule. Nei da. Men eg vil ikkje gi shoutout til utdanninga mi, for ho har ikkje gitt meg noko særleg, så seier derfor det som har gitt meg noko: Skrivekurset Ung tekst ved Unge Viken teater.

Vil ikkje låse seg

Nattbordet hennar er fylt opp med forskjellige bøker: Dopamin og Du fucker med hjertet mitt nå av Aleksander Fallo. Kvit, norsk mann av Brynjulf Young Tønn og Emily forever av Maria Narvarro Skarranger. Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast av Kjersti Wøien Håland og Noveller i samling av Ingvild H Rishøi.

Det store utvalet kjem kanskje av at ho ikkje har ein favorittsjanger, sjølv om ho byrjar å få grep om kva ho likar.

– Eg vil ikkje låse meg til noko, blir plutseleg overraska, men hittil har det vore diktbøker eller eventuelt bøker med familierelasjonar som tema!

Las lite som tenåring

– Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Du, det anar eg ikkje. Om det var nokon bøker i det heile tatt!

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Ingen spesielle, eg las ikkje mykje i tenåra. Men diktet Hestene står i regnet av Astrid Hjertenæs har følgt meg sidan eg var i tenåra.

Edine set Vigdis Hjorth høgt når ho blir spurt om undervurderte forfattarar.

– Eller, ho er jo ikkje undervurdert, men eg synest ho har vore i mykje ufortent hardt vêr, så difor vil eg likevel seie henne! Ho er heilt rå. Open. Utforskande. Tør å ta tak i tema på ein måte som «ingen» tør. I tillegg er ho ei ekte legende som, ja, berre fortener alt godt for sitt forfattarskap! Queen energy!

Vil ha forfattarar som kan konfrontere seg sjølv

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Åh, det er for mange. Nina Lykke, Vi er ikke her for å ha det morsomt, fordi det er ein idé eg kunne funne på, men no er den tatt, hehe, og dessutan gjort betre enn eg sjølv kunne. Elles ville eg skrive Mine venner av Monica Isakstuen. Rå bok. Eller kanskje ein Dag Solstad-roman, for å nemne nokre!

Edine meiner at gode bøker skreller vekk eit lag av feigskap. Når forfattarar konfronterer seg sjølv meiner ho dei kjem nærmare kjernen og noko ekte i teksten.

– Med det sagt betyr ikkje det at det må vere noko alvorleg. Eg meiner det gjeld alle typar bøker. Dikt, sci-fi, humor, alvor og så vidare.

Akkurat no har ho eit eige skriveprosjekt på gang. I ein ny kortroman vil ho sjølv nettopp prøve å konfrontere sin eigen feigskap.

– Eg møter meg sjølv i døra der stadig. Men uansett, i bok nummer to møter vi Selma Hansen som vi følgjer gjennom ei ungdomstid i dagens Oslo.

Meir enn det kan ho førebels ikkje seie.

Kan skrive roller til seg sjølv

Sist bok ho kjende seg skikkeleg att i var Aleksander Fallo sin roman Dopamin.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Dama sjølv nemnt over her. Vigdis Hjorth.

Ein av Noregs mest suksessrike kvinnelege forfattarar, Vigdis Hjorth, med eit stort smil på haustens forfattarportrett. Foto: Cappelen Damm

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Repeterer meg atter ein gong; Vigdis Hjorth.

Det er derimot ikkje Vigdis Hjorth som skulle spelt hovudrolla i ei filmatisering av boka til Edine. Den rolla har ho allereie casta:

– Meg sjølv. Fordi eg er skodespelar og vil ha roller, sjølvsagt. Viss ikkje; Ine Marie Wilman.