Norstat-måling: Høgre har rasa 10 prosentpoeng sidan toppen

Samstundes får Frp si høgaste oppslutning på åtte år.

NPK-NTB
Publisert

Ei fersk Norstat-måling viser at Høgre har stupt med 10,2 prosentpoeng sidan april i fjor. Samtidig flyg Sylvi Listhaugs Frp flyg høgt i denne målinga.

– Høgres posisjon er jekka ned, seier valforskar Johannes Bergh om Norstats ferske måling for Aftenposten og NRK.

Høgre er framleis det største partiet, men 23,6 prosent er deira dårlegaste resultat på 2,5 år. I ti strake månader målte dei over 30 prosent på Norstats måling.

– Utviklinga viser at Høgre ikkje har den suverene posisjonen som dei har hatt. Det er grunn til å seie at aksjesaka har hatt ein konsekvens for Høgre og Solberg, seier Bergh vidare.

Samtidig får Frp si høgaste oppslutning på ei Norstat-måling på åtte år, med ein auke på 0,9 prosentpoeng til 18,5 prosent.

Også Arbeidarpartiet rykkjer fram med 2,5 prosentpoeng til 19,6 prosent.

Resten av partia får denne oppslutninga i målinga: Raudt 5,7 (-0,2), SV 9,3 (-1,1), MDG 3,8 (-0,2), KrF 4,8 (+0,7), Venstre 6,5 (+1,9), Andre 3,1 (-0,9). Feilmargin for målinga samla sett er 1,4 prosentpoeng.