Vekas viktigaste: Flaum i Brasil, trugslar om våpenstans og meir fornybar energi
Flaum, våpen til Israel og kontrollkomitéen si innstilling om Oslo-skytinga er noko av det som har prega den siste veka. | Foto: AP Photo/Carlos Macedo, AP Photo/Evan Vucci, Jonas Tislevoll
Åshild Slåen
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Før 7. oktober husa Rafah 280 000 menneske. No har meir enn éin million fordrivne palestinarar flykta dit. Israel har varsla ein bakkeinvasjon av Rafah, noko både USA og FN har åtvara mot, på grunn av konsekvensane for sivile.
USA har stått for mykje av våpena Israel har brukt. Biden sine trugslar om våpenstans ser likevel ikkje ut til å påverke den israelske regjeringa, skriv NRK. Dei viser til ei uttale av Israels finansminister Bezalel Smotrich, som seier at presset om våpensanksjonar ikkje vil stanse landet frå å «oppnå total siger i krigen». Sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir har lagt ut ei X-melding med «Hamas ❤️ Biden».
USA har allereie sett ein leveranse av bomber på vent.
USAs president Joe Biden og Israels statsminister Benjamin Netanyahu møttest her i oktober 2023. USA har støtta Israel med våpen, men trugar med å stanse med det dersom dei invaderer Rafah. | Foto: AP Photo/Evan Vucci, File
Stiller spørsmål ved PST og justisministeren si handtering av Oslo-skytinga
Både justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) og Politiets tryggingsteneste (PST) får fleire merknader i innstillinga. Eit fleirtal av komitéen stiller spørsmål ved kvifor PST ikkje oppretta førebyggjande sak mot Zaniar Matapour, som gjennomførte skytinga, sidan dei var kjende med haldningane hans før skytinga.
Fleirtalet kritiserer også kor sein Mehl var med å følgje opp det skeive miljøet etter skytinga.
– Trass i gjentekne førespurnader gjekk det nærare eitt år før statsråden arrangerte eit møte med dei skeive organisasjonane som var ramma av åtaket, seier komitéleiar Peter Frølich (V) til VG.
E-tenesta meiner dei derimot gjorde jobben sin ved å varsle vidare om funna sine. Komitéen rosar også politiet si handtering av hendinga, og enkeltmenneska som greip inn.
No tilrår dei at Stortinget set i gang oppfølgingsforsking av pårørande, og at justisministeren greier ut om 25. juni-rapporten for Stortinget.
Regnbogegata i Oslo utanfor London Pub og Per på hjørnet, der skytinga 25. juni skjedde. | Foto: Jonas Yang Tislevoll
11 månader med varmerekord
EUs klimaovervakingsteneste C3S kom denne veka med dei nyaste tala sine. EU-forskarane slår fast at april er den ellevte månaden på rad med rekordhøg global snittemperatur, skriv NTB.
I Europa var det særleg i aust at dei merka dei høge temperaturane.
Vêrfenomenet El Niño har ført til høgare temperatur fleire plassar i verda det siste året, men har svekt seg dei siste månadane.
Carlo Buontempo, direktør i C3S, seier at klimagassar i atmosfæren held fram med å stige.
– Dette vil halde fram å presse den globale temperaturen mot nye rekordar.
Verda blir varmare, sjølv når vêrfenomenet El Niño gir seg. | Foto: Rajiv Bajaj via Unsplash
1,4 millionar menneske er påverka av flaumen, og det er vanskeleg for hjelpearbeidarar å kome fram med reint drikkevatn til desse. Dei fleste bur i byen Porto Alegre, der fem av dei seks vassbehandlingsanlegga har slutta å fungere.
Å koma til med naudhjelp har også blitt vanskeleg fordi båtar har blitt stole. Byen ber lokale med tilgang på båt om å stille dei til disposisjon for hjelpearbeidarar.
Flaumen kjem etter fleire dagar med styrtregn, som har ført til at elvene har gått over breiddene sine.
Eit overfløymt område i Porto Alegre i Brasil 3. mai 2024. | Foto: AP Photo/Carlos Macedo
✨Lyspunkt✨: 30 prosent av verdas elektrisitet kjem frå fornybar energi
Nye tal viser at 30 prosent av verdas elektrisitet blir produsert frå fornybar energi. Det kjem fram av Global Electricity Review 2024, som vart publisert av klimatankesmia Ember.
Særleg energi frå solcellepanel har gjort store framsteg. Rapporten spår at fossile energikjelder vil gå ned tre prosentpoeng til i 2024, etter kvart som meir energi blir produsert frå sola.
– Vi kjem til å få den boomen i fornybar energi, som kjem til å endre biletet veldig fort, seier David Jones, Ember-direktør innan global innsikt, til CNN.
Solcellepanel gjev straum til mange vanlege hus langt frå straumnettet i i USA.
Foto: Takver/Flickr/CC-lisens.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.