Som 20-åring jobba Ole Martin Årst fulltid i barnehage og satsa på både fotball og biljard, men var usikker på korleis livet ville bli om han ikkje kunne leva av fotballen på mange år.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det var i løpet av dette året at det vart klart for meg at eg fekk høvet til å leva av fotballen, så det vart veldig definerande for meg og resten av mitt liv akkurat dette året, skriv Ole Martin Årst i ein e-post til Framtida.no.

Den tidlegare utanlandsproffen og landslagsspelaren i fotball er i desse dagar å sjå som landslagstrenar for Noregs første landslag for kortvokste, ei ny utfordring som er dokumentert i NRK-serien Gigantene.

OL i barnehagen

49-åringen hugsar tilbake til korleis det var å vera 20 år i 1994. Det unge fotballtalentet jobba fulltid i barnehage og spelte i andredivisjon på Skarp i Tromsø.

– Kvardagen var veldig hektisk med tidleg opp på jobb og rett på trening etterpå. Det at ein ikkje hadde bil gjorde at alt tok litt lengre tid med å komma seg frå plass til plass, minnast den tidlegare fotballspelaren.

– I tillegg til dette, så var eg i ein periode der eg satsa også ganske mykje på biljard. Det vart mange kveldar (og nokre netter) nede på biljardsalongen der eg også jobba nokre vakter, skriv Årst i ein e-post til Framtida.no.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda? 

– Den store tingen som overskyggjer alt, er jo naturlegvis OL på Lillehammer. Dette kjenner eg farga heile dette året og me arrangerte naturlegvis vårt eige vesle OL i barnehagen eg jobba i.

Årst koplar låtar tydeleg til år, og ikkje overraskande har han festa seg ved OL-låten «Se ilden lyse». I tillegg har «Return To Innocence» av tyske Enigma festa seg, ein melodi som er kjent frå diverse reklamar, filmar og tv-seriar.

Avslutning i barnehagen

Det sterkaste minnet frå 1994 er likevel verken OL eller fotball.

– Sterkaste minnet må vera den dagen eg måtte slutta i barnehagen for at eg hadde skrive min første profesjonelle kontrakt og skulle bli fotballspelar på heiltid. Det å seia ha det til barna var frykteleg leitt og trist og det vart mange tårer då dei hadde ordna avslutning for meg.

Sjølve 20-årsdagen hugsar han ikkje, men mistenkjer at det ikkje var store greiene.

– Det var sikkert ikkje all verda fordi eg har bursdag midt i juli og då følte eg alle var bortreist på ferie.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Mamma var den desidert viktigaste for meg då, sidan ho var den eg sparra med og bad om råd. Ho var også den som nekta meg å flytta til Oslo for å satsa hardt på biljarden. Det kan eg jo i ettertid vera ganske takksam for ….

Usikker framtid

Det skulle ikkje gå meir enn to år før Årst slo igjennom som fotballspelar, då han som 22-åring skåra i cupfinalen for Tromsø i eit nordnorsk oppgjer mot Bodø/Glimt.

Men i 1994 var den største frykta for 20-åringen å enda opp med ein jobb og ein livssituasjon som han ikkje ønskte seg.

– Altså at ein måtte inngå mange kompromiss meg seg sjølv og ikkje minst sleppa eller fire mykje på dei draumane/krava ein hadde sett for seg sjølv.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var mykje usikker hugsar eg. Usikker på om eg fekk til å leva av fotballen. Om eg fekk høvet til å spela i utlandet. Usikker på om og eventuelt når eg skulle få til å stifta ein familie. Usikker på kva eg eventuelt skulle gjera om eg ikkje kunne leva av fotballen i mange år. Eg satsa eigentleg alt på det kortet, med tanke på at eg ikkje utdanna meg.

Unødig press

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at han er ein som vil sjå sjølvsikker ut, men som inst inne er veldig usikker både på seg sjølv, men også på korleis framtida kjem til å bli.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Senk skuldrene og pust med magen. Ting kjem til å gå seg til. Uansett kva retning livet tek. Det er generelt for mange som bekymrar seg og legg unødig press på sine eigne skuldrer, meg sjølv inkludert, men det blir veldig mykje betre med åra. Alt ordnar seg.