Og i gravferda si vil han at «We are the champions» skal bli spelt.

Åshild Slåen
Publisert

– Mi største konsertoppleving er framfor 12 000 menneske på Fredrikstad cup. Det var første året mitt som artist utan covidrestriksjonar, og alle song med på låtane mine.

Niklas Paulsen, også kjend under artistnamnet «Bølgen», vart nominert til Årets Gjennombrudd på Spellemannprisen i 2020, og songen hans «Er det ikke verre» dominerte same år.

Nyleg sleppte han singelen «Daydream», men kva høyrer han på sjølv av musikk?

Beggin’ som sjuåring

Fakta

  • Namn: Niklas Paulsen
  • Alder: 23 år
  • Frå: Drammen
  • Aktuell med: Singelen «Daydream»

– Akkurat no har eg dilla på «17» av Adaam, skriv Paulsen i ein e-post til Framtida.

På vanlege dagar fortel han at det blir omtrent ein time med musikk om dagen.

– Lagar eg musikk sjølv kan det bikke både 5, 6 og 7 timar.

I tenåra gjekk musikksmaken mest i rap, noko som er tydeleg i den fyrste CD-en han fekk tak i.

– Det fyrste albumet eg fekk var «So Dark The Con Of Man» av Madcon. Då var eg 7 år gammal og fekk plukke ut CD av mamma.

Rap og Ylvis

Han høyrer framleis på mykje av rap-musikken som fenga i tenåra, men det er ikkje det einaste det går i.

– I dusjen er det inga avgrensingar på sjanger, så der framførast ALT.

Paulsen meiner Ylvis-brørne er dei mest undervurderte musikarane, fordi dei pakkar alt inn i humor.

– Men dei to har ekstreme musikalske talent. Dei har til og med klart å få ein verds-hit.

Dette høyrer han på når han er …:

… glad: Norsk happy-rap

… lei seg: Amerikanske balladar

… sint: Då høyrer eg ikkje på musikk 🙂

… treng ein sjølvtillitsboost: Rap generelt

Undergrunn og Michael Jackson

Favorittlåten til Paulsen er Post Malone-låten «Stay», og det er også drøymeartisten å ha duett med.

– Vi skulle klart å mikse både rap, pop og country i ein og same låt.

– Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

– Eg skulle ynskje eg laga «Lenge Leve» av Undergrunn. Den låten har kjempetrøkk live

– Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Då ville eg stått med Michael Jackson. Eg ville spurt han om topline tips, og om han faktisk var pedo eller ikkje.

Favorittar

Favorittsjanger: Rap og pop blanda

Favorittband: Akkurat no, Hov1

Favorittlåt: «Stay» – Post Malone

Beste treningslåt: Her meiner eg ingen. Eg klarer ikkje trene med musikk, haha.

Verdas beste kjærleikslåt: «Off My Face» – Justin Bieber

Guilty pleasure: «Come Back to Me»- Olsenbanden Jr.

Bryllaup og gravferd

Dersom han skulle vore med i «Hver gang vi møtes» skulle han gjerne hatt Karpe, Hov1, Post Malone, Kanye West og «Queen-gutta» som deltakarar.

– Kva for ei av låtane dine drøymer du om å høyre tolka?

– Eg ville høyrd «Superman» av Post Malone.

Sjølv skulle han gjerne tolka «Bohemian Rhapsody» for Queen.

Det bandet ville også fått plass på musikklista i gravferda hans.

– «We are the champions» av Queen. Roleg akustisk versjon of course 🙂

Bryllaupslåten er ei anna sak. Det må nemleg bli «When All Is Said And Done» av ABBA.