Taylor Swift sette Spotify-rekord

Fredag førre veke gav Taylor Swift ut eit nytt album. Det førte til to nye Spotify-rekordar.

Birgitte Vågnes Bakken/Synne Ulltang
Publisert

Fredag 19. april kom albumet «The Tortured Poets Department».

Ifølge Spotify er det nye albumet til Taylor Swift det mest strøymde albumet på ein dag nokosinne. Taylor Swift blei også den mest strøymde artisten på ein dag.

«Alt er lov i kjærleik og poesi»

Det er Taylor Swifts ellevte album, om vi ikkje reknar med nyutgivingane hennar. «The Tortured Poets Department» er skrive og produsert saman med Jack Antonoff og Aaron Dessner, som ho tidlegare har samarbeidd med. Ho har òg med artisten Post Malone på låten «Fortnight» og Florence and the Machine på «Florida!!!».

Swift skildrar albumet som «ein antologi av nye verk som speglar att hendingar, meiningar og kjensler frå ei flyktig og fatalistisk tid, som i like stor grad var både oppsiktsvekkjande og sorgfullt».

«Alt er lov i kjærleik og poesi», skriv ho i omtalen av albumet. Fleire av songane er rykta å handle om det korte forholdet hennar med 1975-vokalist Matty Healy.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Taylor Swift (@taylorswift)

Dobbeltalbum

Artisten sleppte kort tid etterpå ein utvida versjon av albumet som heiter «The The Tortured Poets Department: The Anthology». Til saman har ho gitt ut 31 nye låtar.

– Eg har skrive så mykje lidande poesi dei siste to åra, så eg ville dele alt med dykk, fortel ho i Instagram-posten der ho avslører dobbeltalbumet.