Dette er årets pressebilete

World Press Photo har kåra eit fleirmedialt prosjekt frå Ukraina i kategorien «ope format» og eit bilete frå lidingane på Gaza til beste enkeltbilete.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I alt har 61 000 bilete blitt vurdert. Av desse vart 24 regionale finalistar plukka ut.

Torsdag presenterte World Press Photo vinnarane i kategoriane enkeltbilete, biletserie, langtidsprosjekt og «ope format».

Liding i Gaza

Det beste enkeltbiletet vart teke for Reuters av den palestinske fotografen Mohammed Salem berre dagar etter han sjølv vart far.

Vinnarbiletet viser Inas Abu Maamar (36) som held kroppen til niesa Saly. 5-åringen vart drepen saman med mor og søster si i eit israelsk luftangrep mot heimen deira i Khan Younis i Gaza.

Juryen meinte biletet var komponert med omsorg og respekt, og gjev eit innblikk i ufatteleg tap.

Dei to murane

Alejandro Cegarra sitt prosjekt Dei to murane er fotografert for New York Times og får prisen for beste langtidsprosjekt.

Fotografen migrerte sjølv frå Venezuela til Mexico i 2017, noko juryen meiner bidreg til eit følsamt menneskeleg perspektiv på migrantane.

– Migrantar og asylsøkjarar er tvungne til å flytta av ulike årsaker. Det er naturleg for menneskeslekta å bevega seg og migrera for å finna betre plassar å bu. Folk er ikkje stasjonære og for meg er det det viktige ved prosjektet, forklarar fotografen i ein video.

Prosjektet på grensa mellom Mexico og USA starta i 2018 og går føre seg i ein periode der Mexico har innført strengare grensekontrollar for å hindra migrantane i å nå USA.

Krig er personleg

Ukrainske Julia Kochetova (29) sitt personlege prosjekt Krig er personleg vann i kategorien ope format. Prosjektet er presentert på fotografen si nettside med både bilete, dikt, lydfiler og musikk saman med ein ukrainsk illustratør og DJ. Prosjektet kombinerer fotojournalistikk med ei dokumentarisk dagbok og viser korleis det er å leva med krig i kvardagen.
– Eg jobbar ikkje med eit prosjekt, det er faktisk livet mitt. Som ein ukrainsk historieforteljar, som alle mine kollegaar på bakken, me vel aldri å rapportera eller ikkje frå denne krigen, fordi det er vår krig, forklarar Julia Kochetova iein video.
– Eg vil at krigen i Ukraina skal ha eit namn og eit fjes, ikkje berre eit tal og eit kart, forklarar ho.

Demens på Madagaskar

Vinnaren av årets fotohistorie har skildra demenssjukdom på den austafrikanske øya Madagaskar og er fotografert av sørafrikanske Lee-Ann Olwage for GEO.

Juryen meiner biletutvalet er komponert med varme og ømheit og tek føre seg eit universelt helseproblem gjennom linsa til familie og omsorgspersonane.

Demens er ikkje ein del av den offentlege samtalen på Madagaskar, noko som fører til at personar som har symptom på sjukdommen ofte vert stigmatisert.