Her er dei nominerte til Ungdommens kritikerpris 2024

Etter at dei profesjonelle kritikarane har kåra årets beste norske skjønnlitterære utgjeving, skal norske vidaregåandeelevar gjera det same.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Kvart år kårar ungdommar i vidaregåande skular ut Ungdommens kritikerpris for det dei meiner er den beste norske skjønnlitterære samtidslitteraturen.

Elevar frå sju vidaregåande skular skal lesa dei fire skjønnlitterære utgjevingane som er nominerte til Kritikerprisen.

Spente på juryen

– I dei nominerte bøkene møter lesarane éin småbarnspappa og tre gamle damer som ser tilbake på livet sitt. Me er spente på korleis unge lesarar i vidaregåande skule vil lesa desse bøkene, men er ganske sikre på at dei vil oppleva tematikken i bøkene annleis enn dei profesjonelle kritikarane, seier Petra Helgesen, prosjektansvarleg for Ungdommens kritikerpris i Foreningen !les.

Kritikerprisen blir delt ut 7. mars på Litteraturhuset i Oslo, medan Ungdommens kritikerpris blir delt ut 11. april på Sentralen i Oslo.

Dei nominerte er:

Jeg plystrer i den mørke vinden av Maria Navarro Skaranger (Oktober forlag)

I Maria Navarro Skaranger sin nye roman følgjer lesaren godt vaksne Sidsel, som er mor til Emily i Skaranger sin førre roman «Emily forever». Nominasjonsjuryen meiner romanen aldri blir emosjonell eller overtydeleg.
«Skaranger framstiller her som elles sine hovudpersonar med integritet og kjerne, trass i deira tilsynelatande tiltaksløyse og mangel på oppdrift».

Gjentakelsen av Vigdis Hjorth (Cappelen Damm)

Vigdis Hjorth sin Gjentakelsen handlar om overgrep, om å vera barn, ungdom og vaksen, om sanning, røyndom, minne og det å skriva. Nominasjonsjuryen meiner Hjorth viser eksistensiell tyngd og lener seg mot kompliserte filosofiske spørsmål, samstundes som ho når breitt ut.

 

 

Olav Nygards seng av Erlend O. Nødtvedt (Aschehoug forlag)

Olav Nygards seng av Erlend O. Nødtvedt er poesi som skildrar ein samtale mellom ein person som har teke over ei gamal seng og den avdøde eigaren, diktaren Olav Nygard (1884–1924). «Språket og forma er som alltid hos Nødtvedt særskilt arbeidd med og fullt av overraskande samansetningar og eksentriske ordval. Utan at boka er eit kunnskapsverk oppfattar lesaren raskt at det kvilar på omfattande lesing og grundig tankearbeid. Samstundes er det fullt av frisk humor og store djup,» meiner nominasjonsjuryen.

Chiquitita av Pedro Carmona-Alvarez (Kolon forlag)

Chilensk-norske Pedro Carmona-Alvarez sin roman Chiquitita handlar om åtte år gamle Marisol, som må flykta når heimlandet rasar saman. Nominasjonsjuryen løftar forfattaren sin særeigne, lyriske prosa og rosar formgrepet, der flukta blir skildra frå tre ulike tidsperspektiv.

«Romanen lar også lesaren forstå kor sårbare barn på flukt er og korleis vedvarande frykt og uvisse kan sette avtrykk i menneska som opplever det,» heiter det i grunngjevinga.