Ny leiar: Sebastian Natvik vil gå i Ivar Aasen sine fotspor

Den nye leiaren i målungdommen likar dataspel og samlar på kjøtetande planter.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Engasjementet byrja fyrst då eg starta i vidaregåande på Bergen Katedralskole. Det som tidlegare var heilt naturleg for meg vart ikkje lenger norma, og eg var den einaste nynorskbrukaren i klassen min, skriv Sebastian Natvik i ein e-post til Framtida.no.

Saman med andre nynorskbrukarar på skulen skipa han Katten Målungdom som etter kvart tal 50 medlemmar. I tillegg til at dei støtta målsaka var det eit samhald som vart særs viktig for den engasjerte nynorskbrukaren.

Sebastian Vinsent Natvik

Alder: 20

Personleg pronomen: han

Frå: Fløksand i Alver kommune

Yrke/utdanning: Studerer pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet

Favorittfag på skulen: Samfunnskunnskap!

Ulike verv: ALT anna enn økonomiansvarleg

Medlem i: Norske Kveners Forbund, Norsk Målungdom

 

Digital kvardag

Førre helg vart 20-åringen Fløkstad i storkommunen Alver vald til ny leiar i Norsk Målungdom, noko som betyr at han tek på seg ansvaret for å kjempa for unge nynorskbrukarar landet over.

– Dei tre viktigaste sakene for Norsk Målungdom i 2024 er definitivt språk i ein digital kvardag, språk i skulen, og særleg at den nye opplæringslova følgjast opp.

Natvik meiner det er ein stor siger at nynorskrørsla har fått gjennomslag for språkdelt ungdomsskule og ikkje minst at retteprogram skal ha full støtte for båe skriftspråk.

– I praksis vil Chromebook og andre tenester i bruk frå Google vera ulovleg å bruka i den norske skulen dersom teknologigiganten ikkje gjer endringar som dei no er nøydd til. Likevel er det ingenting i den nye lova som krev at nynorskelevane skal få møta digitale læremiddel på sitt språk. Lærarane og elevane som sjølv er til stades veit godt at klasseromsundervisinga består av so mykje meir enn berre lærebøkene.

Unge aktivistar

Den nye målungdomsleiaren sine hjartesaker er nynorsk i vaksenopplæringa, og fleire språkrettar for grunnskuleelevar.

Han jublar òg for at Norsk Målungdom etter årets landsmøte endeleg har fått eit program for språk i ein digital kvardag og at dette skal verta ei av dei politiske prioriteringane deira det komande året.

– Vi må sikre at den digitale kvardagen er på nynorsk. Digitaliseringa går raskare enn dei fleste anar, statlege tenester blir heildigitale, koronapandemien synte at heildigital skule ikkje er utenkjeleg, til og med banken finn eg berre på mobilen. Dette skiftet gjev ikkje rett til unnasluntring! Nynorskbrukarane må få oppfylt sine rettar.

– Kva er den største skilnaden mellom Norsk Målungdom og Noregs Mållag?

– Den største skilnaden mellom Norsk Målungdom Noregs Mållag ligg i dei ulike perspektiva med tanke på vår unge medlemsmasse. Me har eit større preg av aktivisme og gjennom fleire tilskipingar og mykje kontakt med medlemane våre er Norsk Målungdom blitt ein sosial møteplass for unge som brenn for målsaka.

Ivar Aasen som føredøme

På spørsmål om kven han aller helst ville hatt på middagsbesøk er svaret ganske opplagt:

– Taco med Ivar Aasen trur eg hadde vore veldig morosamt, eg har undra meg over kva han hadde tenkt om oss i dag.

Som leiarføredøme trekk Natvik òg fram nynorskens far.

– Noko av det viktigaste i Norsk Målungdom er lokallaga. Me er ingenting som organisasjon utan alle i lokallaga. Det er dei som held kampen i gong og det er dei som gjev liv og samhald med pizzamøte, teaterbesøk, teiknspråkkurs, og mykje anna gøy. Ein sterk organisasjon gjer det også enklare å få politiske gjennomslag. Eg vil vitja lokallaga, og skipa til nye lokallag i laupet av min periode som leiar. Då passar det godt å ha Ivar Aasen som førebilete, for var det ein mann som kunna å reisa rundt og lytta til folket, so var det han.

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet er eit samfunn der ingen språkbrukarar skal føla seg mindre viktig enn andre, og der alle kan skrive nynorsk og bruka dialekta si med stoltheit.

Kjøtetande vener

På fritida er Sebastian Natvik veldig glad i å spela videospel og har ei «litt sær interesse» i å samla på diverse kjøtetande plantar.

– Kjøtetande plantar er ei ordentleg nisjeinteresse i Noreg då dei kan vera vanskeleg å kultivera, likevel er kjøtetande plantar å finne på alle kontinent utanom Antarktis. Fleire sortar finn ein òg i Noreg i myrområde. Det er ein undervurdert hobby og det er utruleg stor variasjon i plantane og dessutan korleis dei har utvikla sine metodar for å fanga og få næring frå insekt, forklarar Natvik.

Pinguicula, eller tettegras på norsk, har klissete blad som insekt sit fast i. Her har fleire hærmygg blitt byttedyr for plantene. | Foto: Privat
Nepenthes er ein eksotisk kannebærar frå Asia som kan produsera store kanner med utruleg flotte mønster. | Foto: Privat
Nepenthes er ein eksotisk kannebærar frå Asia som kan produsera store kanner med utruleg flotte mønster. Her har planten fått eit bytte. | Foto: Privat
Sarracenia, oftast kalla trompetfluefanger på norsk, som kjem av dei lange kannene. | Foto: Privat
Sarr purp. | Foto: Privat
Soldogg og Venus i Lego-versjon. Dei levande er i vinterdvale. | Foto: Privat

Det er likevel dataspel som er den store tidstjuven i kvardagen.

– Det blir fort når eg fyrst speler videospel at tida går altfor fort.

For å halde seg oppdatert les den nye målungdomsleiaren NRK, Dag og Tid, eller Tek.no.

 – Eg må leggja til at eg ofte gjer kvissen til Framtida!

(Om du ikkje visste det: Framtida.no har nyheitsquiz kvar veke.)

– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?

– Eg er over gjennomsnittet engasjert i språkappen Duolingo so draumenyheita hadde definitivt vore «Full støtte for nynorsk i språkappen Duolingo»!

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

– Prosessen av Franz Kafka nyleg omsett av Jon Fosse tykkjer eg er ei viktig bok om særs viktige tema som framandgjering og byråkratisering.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg har alltid anbefalt den tyske serien Dark som går på Netflix til alle som spør, han byggjer opp eit kult univers utan unødvendig mange sesongar. Alles ist miteinander verbunden.

Kva låt får deg alltid i godt humør?

Bak et halleluja av Kaizers Orchestra.