Alle Fosen-aktivistane blir frifunne

Dei 18 aktivistane slepp å betale bøter.

NPK-NTB
Publisert

Alle dei 18 Fosen-aktivistane som var tiltalte i samband med demonstrasjonar i Oslo i fjor, er frifunne i Oslo tingrett.

Det melder NRK.

Påtalemakta hadde lagt ned påstand om 6000 kroner i bot eller seks dagar i fengsel i rettssaka mot Fosen-aksjonistane som okkuperte lobbyen i Olje- og energidepartementet i februar i fjor. Til saman dreidde dette seg om 13 personar, som no er frikjende i Oslo tingrett.

Dei siste fem aksjonistane var tiltalte i samband med demonstrasjonar utanfor Finansdepartementet. Dei er frifunne frå tidlegare då det var uklart kven av dei fem som skulle arresterast.

Dermed er altså alle 18 aktivistar frifunne.