Ungdom mot EU går frå tja til ja om Nato
Dei meiner Nato skal vere garantisten for fred i Europa.

Ungdom mot EU går frå å ha eit nøytralt standpunkt i spørsmålet om norsk Nato-medlemskap, til eit klart ja. Det vart klart under landsmøtet i organisasjonen.
Organisasjonen har i lang tid hatt eit nøytralt standpunkt i spørsmålet om norsk Nato-medlemskap, men i ei pressemelding opplyser Ungdom mot EU at dei under landsmøtet i helga har behandla spørsmålet – ettersom stemninga i Europa har endra seg.
I meldinga heiter det at Ungdom mot EU har bestemt at dei meiner det er Nato som skal vere garantisten vår for fred i Europa.
Dermed går dei frå å vere nøytrale i Nato-spørsmålet, til å seie ja.