Hudkreft med Israel-kritikk av Spellemann-sponsor

Spellemann har fått kritikk for å verta meir kommersielle. Nominerte Hudkreft skulle ynskja kritikken dreidde seg om at PepsiCo investerer i israelske selskap på lista til boikottkampanjen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det følast jo litt uheldig å bli nominert det første året det er ein slik sponsor. Det er ikkje like stas som det kunne vore.

Bassist i bandet Hudkreft Johannes Granaas Danielsen (22) fortel på telefon til Framtida.no kvifor bandet har kritisert Spellemannprisen for det kommersielle samarbeidet med PepsiCo på Instagram.

– Me synest det er dumt at mykje av kritikken handlar om at Spellemann har blitt meir kommersiell, sjølv om me hadde likt det betre om det var på NRK. Det er ikkje like farleg for oss som Pepsi sitt forhold til Sodastream, Strauss Group og Sabra hummus, seier Granaas Danielsen.

Boikottlista

Både Sodastream og Sabra hummus er på lista over produkt som kampanjen Boycott, Divestment and Sanctions (BDS) ber forbrukarar styra unna på grunn av israelsk okkupasjon av palestinske område. PepsiCo kjøpte Sodastream for 3,2 milliardar i 2018 og eig Sabra hummus saman med israelske Strauss Group.

Utdelinga av Spellemannprisen vil i år bli sendt av Amedia-eigde Nettavisen og TikTok. Dei sponsar prisen saman med PepsiCo.

Styreleiar i Fono og leiar for Spellemannsarrangementet, Erlend Gjerde, fortel til bransjenettstaden Kampanje at det var dei som kontakta NRK for å avslutta samarbeidet og få moglegheita til kommersielle samarbeid.

Erlend Gjerde er styreleiar i Fono og leiar for spellemansarrangementet.

I ein e-post til Framtida.no svarar han at dei er klar over kritikken frå Hudkreft.

– Det vil alltid eksistera ulike oppfatningar om slike kommersielle samarbeid, og det har vi respekt for, skriv Gjerde.

Han peikar på at Pepsi er ein etablert samarbeidspartnar for ei rekkje store norske kulturinstitusjonar og -arenaar, som Øyafestivalen, Rockefeller, Sentrum Scene, Oslo Spektrum, Palmesus, Malakoff festivalen, med fleire og at dei difor er ein naturleg samarbeidspartnar òg for Spellemannprisen.

– Vi held oss til dei retningslinjene som kjem frå norske styresmakter. Det er ingen ting i styresmaktene sine råd som utelukkar val av Pepsi som samarbeidspartnar, skriv Gjerde.

Stadfestar ikkje vidare samarbeid

Som ein del av avtalen presenterer Pepsi prisen for Årets gjennombrot, som får ein pengepremie på 200 000 kroner. Dette svarar til summen på Gramostipendet, som prisvinnarane i denne kategorien fekk tidlegare.

På spørsmål om samarbeidet mellom Pepsi og Spellemannprisen vil halda fram til neste år svarar Gjerde at samarbeidet gjeld årets utdeling.

Bandet Hudkreft har følgjande melding til Spellemann:

– Eg vil at dei skal bytte sponsor. Det må då finnast mange andre som har lyst å sponsa Spellemann og det er ikkje som at dei som står bak er ein fattig ideell organisasjon, så eg kan ikkje skjøna at dei må sponsast av Pepsi.

Bassisten meiner at Pepsi med slike kultursamarbeid ønskjer å markera seg i norsk musikk og kulturliv på lik linje med Redbull.

– Det er ikkje fordi dei har ei genuin interesse for norsk kulturliv, men det skaper positive assosiasjonar med Spellemann eller når me ser eit Pepsi-telt på Øya. Me likar ikkje heilt at dei får lov å gjera det, seier Granaas Danielsen.

I ein e-post til Framtida.no svarar ein talsperson for PepsiCo følgjande:

«Pepsi-merket har ei lang historie med musikkpartnarskap i Noreg og rundt om i verda. Me er stolte av å vera ein del av kulturelle arrangement som bringar menneske saman. PepsiCo opererer i meir enn 200 land og regionar, inkludert Midtausten. Me er oppteken av tryggleiken og trivselen til alle i regionen. Me støttar eller tolererer ikkje vald mot nokon, og sluttar oss til alle de som ber om ei rask og fredeleg løysing.»

Får kritikk for deltakinga

Det spellemannsnominerte bandet har valt å delta under Spellemannprisen 4. april og har fått noko kritikk for dette valet, noko bassisten kan forstå.

– Me ser det som meir sannsynleg å få retta fokus ved å vera der det er presse til stades, og om ein vinn kunne stå framfor heile forsamlinga, forsvarar han.

– Planlegg de noko spesielt under Spellemannprisen?

– Ja, eg har ikkje tenkt å snakka på vegner av alle, men det er noko me planlegg internt. Me får sjå. Det kjem litt an på og vil vera ei vurdering av kva me synest er mest hensiktsmessig.