Artistar aksjonerte mot Israel

Tysdag song Daniel Kvammen, Jørn Hoel og ei rekkje andre artistar «Til ungdommen» for Palestina.

NPK-NTB-Gitte Johannessen/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det er ein krigskritisk låt som oppmodar til å ta eit standpunkt på ein ikkje-valdeleg måte, og det er jo eigentleg det vi driv med her, sa Daniel Kvammen til NRK Nyhetsmorgen i forkant av aksjonen på Operataket.

Kvammen trur ikkje dei som musikarar er med på å tippe dei store avgjerslene, men meiner det handlar om å bruke den stemma ein har.

– Eg tenkjer at i ein sånn situasjon som verda er i i dag, kan ein anten stå stille og sjå på og tenkje at dette har ikkje noko med meg å gjere, eller så kan eg vere med og vise kva eg meiner.

– Det er ikkje sikkert det er så mykje vi som musikarar kan gjere, men vi har mellom anna invitert kulturministeren, og ønsker og håper at vi kan setje eit moralsk døme og kanskje kan få tydelagere standpunkt også frå regjeringa, sa han i radiosendinga.

Opp av sofaen

538 norske artistar har ifølgje Aksjonsgruppa for Palestina, som står bak, signert eit opprop som krev at Israel blir utestengt frå Eurovision Song Contest for dei påståtte vedvarande brota sine på folkeretten i samband med Gaza-krigen i år.

Tysdag stilte eit 20-tal av artistane opp på Operataket i Oslo – blant dei Daniel Kvammen, Chris Medina, Malin Pettersen, Jørn Hoel, Fieh og Nosizwe. Saman song dei Nordahl Grieg sitt dikt «Til ungdommen».

– Det var ei fin kjensle, og eg er glad for at eg gjorde det. Eg har aldri sunge «Til ungdommen» før, og det er ein sinnssjuk sterk tekst. Det kjendest godt å samle i alle fall nokon til å gjere dette. Det er viktig å komme seg ut av sofaen og stille opp når noko skjer som ein meiner er feilaktig. Eg beundrar alle som er ute og demonstrerer, seier Jørn Hoel.

Hatmeldingar bekymrar artistveteranen lite, men Hoel seier til NTB at han forstår at andre artistar ikkje vågar å stå på barrikadane:

– Det er styresmaktene og EBU som må stå opp og seie at dette ikkje går. Då hadde det vore enklare for artistane å stille seg bak det.

– Kjennest ikkje rett

Jørn Hoel meiner at Melodi Grand Prix er meint å «spreie glede og smil og latter og diskusjonar heime om kva for låter ein likar best».

– Det er trist at Israel blir med når dei held på med det mange kallar folkemord. Det kjennest ikkje rett at dei får dekkje seg bak eit slikt type program, seier Hoel, som trur mange artistkollegaer kjenner det same.

Han har ikkje ofte stått på barrikadane. Men etter å ha sett i månadsvis på det som skjer, i medium som dekkjer det på ein heilt annan og tettare måte enn tidlegare i denne mange tiår lange konflikten, kjende han det vart «for drøyt» å teie om det – ikkje berre som artist, men som menneske.

– Heile verda er skaka, men ingen tør heilt stå opp. Artistar er redd for å bli skulda for antisemittisme, og for ikkje å vite kva dei skal seie. Det veit ikkje eg heller, men eg blir nesten litt #gråtkjøvd berre eg snakkar om det, medgir Jørn Hoel overfor NTB.

– Fin reaksjon

Tidlegare har Jørn Hoel stilt opp på ulike konsertar til liknande formål, men no har han gått meir aktivt ut enn nokon gong før. Det har også gitt utslaget sitt på konsertane som Hoel og dei gamle makkane hans Steinar Albrigtsen har turnert med sidan januar.

– Vi speler mellom anna « Inkululeko », skrive mot den dåverande apartheiden i Sør-Afrika, og som har vorte høgst aktuell i nye krigar. Vi gjer òg « Dance Of The Wounded Birds », som eg skreiv med R.C. Finnegan på 1990-talet, og som tek for seg folkemordet på Balkan. – Den er dessverre endå meir aktuell no, med teksten sin om at ingen snakkar høgt om det, seier Hoel.

Han meiner han kjenner «ein fin reaksjon» blant publikum når dei får forklart bakgrunnen for at han og Albrigtsen speler dei no, og kvifor dei betyr noko.