Frå nyrestein til turthriller og ville familiefedre. Her er seks fantastiske norske filmar, som passar for dei fleste.

Jenny Lund, Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Ninjababy (2021, Yngvild Sve Flikke)

Rakel (Kristine Kujath Thorp) er 23 år, og kan tenkje seg å bli både astronaut og teikneserieskapar. Mor er altså ikkje på ambisjonslista når ho finn ut at ho er seks månader gravid, etter eit one-night-stand med Pikkjesus (Arthur Berning).

Plutseleg blir livet til Rakel snudd på hovudet, og alle dei snåle karakterane i livet hennar er med på dette eventyret.

Filmen handlar om å bli vaksen, og er morosam, rørande, og til å kjenna seg att i.

Filmen er basert på teikneserieromanen Fallteknikk av Ingrid Sætre, som også står for animasjonen i filmen. Dei brukar dei handteikna animasjonselementa veldig smart gjennom heile filmen. Nokon gonger er effekten veldig subtil som små, ilande linjer i ansiktet på folk for å få fram korleis det er å vere forelska. Andre gongar får me sjå vakre animerte sekvensar med absurd bildetematikk. Det heile er ein saumlaus hybrid mellom live-action og tradisjonell animasjon.

Og så må ein ikkje gløyme Ninjababy, sjølvaste stjerna i filmen. Rakel har samtalar med det ufødde barnet sitt (ein Dune 2-referanse?), som kjem med kommentarar i tide og utide. Ninjababyen (Herman Tømmeraas) er spydig, sjølvmedviten, nervøs, morosam, og animert på ein veldig fin måte. Det er ikkje lett å omsetje teikneserie til film, men regissør Yngvild Sve Flikke har verkeleg skjønt teikninga her. Ninjababy er ein forfriskande ærleg film, med akkurat nok magisk-realisme, for ei unik og hjartevarm filmoppleving

Kor: YouTube (til leige), Filmoteket


 

Jakten på nyresteinen (1996, Vibeke Idsøe)

Simon er 8 år gammal og elskar bestefaren sin, men i det siste har ikkje den gamle mannen hatt det så bra. Når Simon sin teddybjørn krympar han ned til mikroskopisk storleik, set han ut på eit storarta eventyr for å finne løysinga. Då må han inni i ein heilt ny verd: Menneskekroppen.

Mi oppleving når eg nemnar denne filmen, er ofte slik: Det startar med eit «hæ?», eg forklarar kva det er, og så hugsar folk plutseleg at den har dei jo sett! Sidan vart det følgt opp enten med «den var skikkeleg rar» eller «den traumatiserte meg», som eg meiner er den høgaste prisen ein kan gi ein barnefilm.

Ja, dette er ein barnefilm om ein liten gut som vert krympa så han kan reise inn bestefaren sin kropp og nedkjempe nyresteinen han har fått.

Det er også noko av det mest kreative og ambisiøse norsk film har å by på.

Regissør Vibeke Idsøe fekk med seg ein gjeng utruleg talentfulle setprodusentar og rekvisitørar her, og den verda som dei har skapt av organ, celler og allslags kroppslege funksjonar er både fascinerande, magisk og småskummel. Det er så vidt ein einaste dataeffekt å sjå, som varmar eit hjarte som bankar for praktiske filmeffektar.

Sjarmerande, morosam og ekstremt merkeleg, er dette nøyaktig den typen film som fyller heile meg med kjærleik for mediet.

Kor: Apple TV+, SF Anytime, YouTube (leige/kjøpe), TV2 Play (leige)


 

Kalde spor (1962, Arne Skouen)

1959: Ei drosje stansar ved eit snødekt fjell. Ut av ho trer Oddmund, tilbake på norsk jord for første gong på fleire år. Mot alle varslar tek han fatt på fjellet på ski, men gir først beskjed til sjåføren om at han må helse til lensmannen. Nyheitene set ikkje berre støkk i han, men også i kona. Kva planlegg Oddmund å gjere, så mange år etter at han forlét landet, og kan han i det heile tatt stoppast?

Dette er den ultimate anti-påskekosfilmen. Det ei kopling med den stereotype norske påsken er her: Skitur på fjellet, hyttetur, termos og båltenning.

Einaste problemet er at alt anna er så langt frå koseleg som ein kjem.

Kalde spor er ein knivskarp konfrontasjon av heltedyrking etter andre verdskrig, og ikkje minst om skuld og tilgiving, med ei handling som drar ein djupare og djupare inn i mørket etter kvart som ein forstår kva som ein gang hendte. Regissør Arne Skouen sine nattlege skiscenar er like vakre som dei er urovekkande, og ein kan omtrent kjenne den iskalde fjellbrisen komme gjennom skjermen.

Skodespelet her er typisk for denne tida i norsk film, med ei teatralsk stivheit som lett kan vere distraherande for ein moderne sjåar, men om ein kan sjå forbi det er Kalde Spor blant dei sterkaste filmane om krig ein har sett i Noreg.

Bonus «fun fact» eg lærte medan eg skreiv: Toralv Maurstad, som spelar hovudrolla, gir også stemma til teddybjørnen i Jakten på Nyresteinen.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal tenkje om det.

Kor: DVD, og kjem på Blu-ray etter påsken. Sjå om biblioteket ditt har han tilgjengeleg! 


 

Jakten (1960, Erik Løchen)

Tre menneske drog opp på vidda for ein jakttur, men berre to av dei kjem tilbake. Filmen som følgjer fortel om hendingane, og ikkje minst kjenslene, som leia opp til det. Det er nemleg ikkje så lett å vere tre stykk aleine, langt frå folk, når de alle høyrer til same trekantdrama.

I likskap med Kalde spor er dette ein film om hyttetur og vandring på fjellet, men han vert eit par hakk meir ‘påskete’ ved å leggje til det kanskje mest typiske norske påskeelementet: Krim!

Jakten er interessant som eit tidleg eksempel på modernisme i norsk film, med ein stil som leikar seg med forholdet mellom publikum og handling, og dessutan karakterane og deira verkelegheit. Det er kanskje ekstra spennande for dei som interesserer seg for filmhistorie, men sjølv dei som ikkje bryr seg så mykje om det kan nok finne glede i den friske, småironiske humoren som ligg over det heile.

Filmen var regissør Erik Løchen, som forresten var Joachim Trier sin bestefar, sin første spelefilm, og var med i hovudkonkurransen ved filmfestivalen i Cannes i 1960. Ikkje dårleg for første forsøk!

Kor: Filmarkivet (leige/abonnement)


 

Flåklypa Grand Prix (1975, Ivo Caprino)

Det er vanskeleg å snakke om norsk film utan å nemne giganten Ivo Caprino. Filmatiseringar av eventyra om Askeladden og Reveenka har vore ein stor del av oppdraginga til mange barn, i alle fall i min.

Likevel er det Flåklypa Grand Prix som tek kaka, sjølve meisterverket i filmografien til Caprino. Sykkelreparatør og hobby-oppfinnar Reodor Felgen har fått i oppgåve å byggje ein racerbil til hundreårets billøp: Flåklypa Grand Prix. Med seg på laget har han pessimisten Ludvig og optimisten Solan, og det som følgjer er ei historie full av svik, kjærleik og raske bilar.

Stop-motion animasjon har alltid fascinert meg. Det er detaljarbeid frå start til slutt, dokkene og omgjevnadene er utruleg uttrykksfulle, som kjem til liv med små, tolmodige justeringar frå animatørerne.

I filmen er det over 100 000 bilete og éin million unike rørsler. Det harde arbeidet skin verkeleg igjennom, alle karakterane i bygda er fulle av liv og personlegdom, og Flåklypa kjennest verkeleg som ein ekte stad. Med fantastisk animasjon, flotte skodespelarprestasjonar, og så klart vakker musikk frå Bent Fabricius-Bjerre, er Flåklypa Grand Prix ein film eg vil tilrå absolutt alle å sjå.

Kor: YouTube (til leie), TV2 Play (til leige)


 

Kurt blir grusom (2008, Rasmus Sivertsen)

Eg er ein stor fan av Kurt-bøkene, og mitt første møte med serien var Kurt blir grusom-filmen.

Sjølv om han er over 15 år gammal, er det framleis ei knallfilm; artig, tullete, og med masse sitatpotensiale.

Kurt er ein truckførar med stor bart. Han er gift med Anne-Lise, har tre barn (Bud er min favoritt) og har det elles ganske greitt.

Plutseleg ein dag flyttar den klysete Dr. Petter inn i nabohuset. Dette skulle bli den fyrste dominobrikka i ei rekkje som endar opp med Kurt i ei drapsmaskin på veg mot Stortinget. I filmen blir det komplikasjonar med rekesjukdommar, sjukehus-skandalar og ein diamant. Ein kan kanskje seie at Kurt blir litt… grusom.

Animasjon er skikkeleg gøy å sjå på og han passar stemninga i filmen perfekt. Det er herleg å sjå så mange ulike fasongar på karakterane, dei var ikkje redde for å rett og slett gjere dei litt stygge. Eit anna høgdepunkt er songen komponert av Black Debbath til filmen, slageren Gaffeltrøkk Driving Man.

Regissør Rasmus A. Sivertsen gjorde ein flott jobb med å adaptere Erlend Loe sine bøker. Filmskaparane har verkeleg skjønt essensen i bøkerne, og omsett det veldig fint til lerretet. Kurt er akkurat like barnsleg og glad i trucken sin som han skal vere. Filmen er god både som ein introduksjon til dette absurde universet, og for oss som allereie er fans.

Kor: YouTube (til leige), TV2 Play (til leige)