Harry Hole-roman blir Netflix-serie

Netflix skal lage ein TV-serie basert på Jo Nesbø-boka «Marekors».

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Boka er den femte i serien om Noregs kanskje mest kjende bokdetektiv, Harry Hole. Ifølgje VG planlegg produksjonen å gå i gang med innspelinga før sommaren.

Tidlegare vart det kjent at ei dramatisering av «Marekors» ville få til saman 93 millionar kroner i støtte av Norsk filminstitutt. No er det klart at det er Netflix som vil vere plattforma.

«Marekors» kom ut i 2003. No blir boka Netflix-serie. Omslag: Aschehoug

Nesbø i førarsetet

Det er ikkje første gong nokon freistar å overføre bokfenomenet til skjermen. Harry Hole-boka «Snømannen» vart laga film av i 2017. Då var det ei engelskspråkleg filmatisering med Michael Fassbender i hovudrolla, men den vart ingen suksess. Filmen fekk mellom anna terningkast 2 av Filmpolitiet, og det vart ikkje laga fleire Hole-filmar.

Denne gongen blir det ein norsk produksjon med skandinavisk rollebesetning. Forfattar Jo Nesbø er såkalla showrunnar for den komande serien, og har skrive manuset.

– Viss det går gale denne gongen, så har eg ingen å skulde på, seier han til VG

Kven er Harry?

Det er ikkje klart kven som skal spele etterforskaren, men Nesbø avslører at han har ei meining om kven han kan tenkje seg i rolla.

– Vi leiter etter både ein som stemmer med vår idé om Harry Hole, og også ein som har sin eigen idé om kven Harry Hole er, er alt han vil fortelje.

Det britiske selskapet Working Title står bak den nye serien. Dei produserte òg filmen «Snømannen». Exit-regissør Øystein Karlsen skal ha regien på serien, som ifølgje Netflix har arbeidstittelen «Harry Hole».