Rettssak mot Fosen-aksjonistar: – Heilt feil

18 aksjonistar er tiltalt for å ikkje godta førelegga dei fekk frå politiet. Dei meiner det er feil personar som sit på tiltalebenken.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det kjennest heilt feil at Fosen-aksjonistane skal bli straffa for å beskytte menneskerettane, medan staten som har gjort seg skuldig i menneskerettsbrot i nesten 900 dagar framleis går fri.

Det uttalar Ella Marie Hætta Isaksen i ei pressemelding. Ho er ein av dei 18 Fosen-aksjonistane som møter i retten for å ikkje godta bøtene dei fekk av politiet under aksjonane i februar 2023. Då var det 500 dagar sidan høgsterettsdommen som slo fast at vindmøllene på Fosen bryt med samane sine urfolksrettar. Førelegga var på mellom 3000 og 5000 kroner.

Måndag 11. mars starta rettssaka mot aktivistane i Oslo tingrett. Saka varar til 18. mars.

Høgsterettsdom i ryggen

Ella Marie Hætta Isaksen i retten. Foto: Lovise Tokle Rannekleiv/Natur og Ungdom

Advokaten til aksjonistane åtvarar i pressemeldinga om at å straffe aksjonistane vil vere eit brot på menneskerettane deira.

– Vi har hatt ein høgsterettsdom i ryggen gjennom heile aksjonen. Likevel måtte vi stenge elleve ulike departement i ni dagar for at Støre skulle innrømme at det gjekk føre seg eit menneskerettsbrot på Fosen. Det er han som skulle måtte forsvare seg i retten for det sviket det var å ikkje ta reineigarane sine rettar på alvor, uttalar Hætta Isaksen.

Bøtene er knytt til aksjonane i Olje- og energidepartementet, Keysers gate 6 i regjeringskvartalet og ved inngangen til Finansdepartementet.

Fosen-semje

I desember skreiv Sør-Fosen sijte under ein avtale med Fosen vind, og førre veke vart det semje mellom Roan Vind og Nord-Fosen siida.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) beklaga belastinga saka har medført.

– Staten skal ta lærdom av denne saka og sørgje for at krenkingar ikkje skjer igjen, sa han, ifølgje NTB.

Aksjonistane meiner det må bli sett i gang ei uavhengig gransking av Fosen-saka.