Årets Operasjon Dagsverk går til Utviklingsfondet
Operasjon Dagsverk 2024 skal støtte urfolksungdom i Guatemala i kampen mot svolt gjennom klimatilpassing.

Elevar i heile Noreg har stemt fram Utviklingsfondets prosjekt i Guatemala som årets Operasjon Dagsverk (OD). Midlane skal støtte ungdommane i kampen deira for mattryggleik gjennom klimatilpassa jordbruk, skriv OD i ei pressemelding.
Utan mat stoppar alt
Urfolksungdom i Guatemala opplever svolt som ein trussel i møte med stadig meir uforutsigbare klimaendringar. Avlingar visnar bort, og heimar blir øydelagde av naturkatastrofer. Ungdommane vil vera ein del av løysninga på dette problemet, og elevar i Noreg har avgjort at dei vil bidra i denne kampen, heiter det i pressemeldinga.
– Vi er utruleg glade for at ungdom i Noreg ser klimaurettferda ungdom i Guatemala står overfor, og at vi må satse på småbøndene i verda for å løyse svoltproblemet. Dette prosjektet vil få store ringverknadar. Utan mat stoppar alt, men med mat og ein god slagplan kan vi få til mykje saman, seier Elin Ranum, programsjef i Utviklingsfondet.

Tobias Dahle er leiar i OD-dagen.
Foto: Operasjon Dagsverk
Klimatilpassa jordbruk
Med opplæring i klimatilpassa jordbruk skal ungdom få kunnskapen dei treng for å produsere mat i eit endra klima, og inntekt som bidreg til at dei kan fullføre skulegangen.
– Elevar i heile Noreg har vist at generasjon Greta Thunberg ikkje er død! Vi gratulerer Utviklingsfondet med valet, og gler oss til samarbeidet om å inspirere elevar over heile Noreg til å delta i kampen til ungdommane, mot svolt og klimaendringar, seier leiar i OD, Tobias Dahle.