Senterungdommen: Straff for rusbruk er førebyggjande
Senterungdommen vil gi politiet alt dei ber om, og krev at rusplanen til regjeringa slår hardare ned på rekreasjonell rusbruk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Straff er eit godt førebyggjande tiltak. Det handlar om at narkotika er farleg og tek liv, seier leiar i Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola til Klassekampen.
Etter at rusreforma til Solberg-regjeringa, som ville avkriminalisere brukardosar med narkotika, vart nedstemd i 2021, kom riksadvokaten med nye presiseringar som slo fast at mange av verkemidla til politiet i kampen mot narkotika var ulovlege. Hanssen-Seppola meiner at det sender feil signal.
– Det handlar om kva slags samfunn vi vil ha. Viss vi skal arbeide for eit samfunn med mindre rus, meiner eg at det å kunne straffe rekreasjonsbruk av narkotika er ein del av det.
Hanssen-Seppola vil også at regjeringa skal gi politiet det dei ber om i kampen mot narkotika.
– Eg trur ein må lytte til politiet om kva som er nødvendige midlar. Til dømes at ein må få lov til å gå gjennom mobilane til folk, for å sjå om det er spor av at nokon har drive med kjøp og sal av narkotika, seier ho.