Staten ankar klimasøksmålet: – Flautt

– Me meiner at saksbehandlinga har vore i tråd med regelverket, seier energiminister Terje Aasland.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I dag vart det klart at staten ankar avgjerda der Oslo tingrett kom fram til at godkjenningane av tre nye oljefelt er ugyldige.

Saka gjekk for retten i desember og 18. januar vart det klart at Greenpeace og Natur og Ungdom fekk medhald i at staten ikkje har utgreidd klimakonsekvensane ved å godkjenna dei nye olje- og gassfelta Tyrving, Breidablikk og Yggdrasil i Nordsjøen.

Staten vart dømt til å betala erstatning og sakskostnadar for 3,26 millionar kroner.

Aasland: – Meiner at saksbehandlinga har vore i tråd med regelverket

I ei pressemelding frå Energidepartementet seier energiminister Terje Aasland at dei er ueinige med tingretten i at det er gjort saksbehandlingsfeil i dei tre sakene.

– Me meiner at saksbehandlinga har vore i tråd med regelverket og Høgsterett sin dom frå 2020. Staten har følgt opp høgsterettsdommen, og me vurderer no òg forbrenningsutslepp ved behandlinga av kvar enkelt utbyggingsplan, seier Aasland i pressemeldinga.

Natur og Ungdom: – Dette er uansvarleg

Natur og Ungdom reagerer på at staten opnar for meir oljeleiting på same dag som dei ankar søksmålet som handlar om å ha riktige opplysningar om kva slags klimaeffekt norsk olje har.

– Det er openbert at staten ikkje ønskjer at fakta skal koma på bordet om kor mykje norsk olje bidreg til klimaendringane. Dette er uansvarleg overfor både klimaet og det opplyste demokratiet, seier Gytis Blaževičius, leiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

– Dette søksmålet handlar om at vi skal ha eit opplyst demokrati, og ei reell moglegheit til medverknad i prosessar som angår oss. Når staten fattar vedtak som påverkar framtida til unge som lever i dag, og i mange generasjonar framover, er dei heilt nøydde til å gjera det med alle fakta på bordet. Det er eit heilt sjølvsagt prinsipp, og det er flautt at staten ønskjer å anka noko slikt, meiner Blaževičius.