Miljøorganisasjonane vann mot staten i klimasøksmål

Oslo tingrett gir Natur og Ungdom og Greenpeace rett på alle punkt.

Andrea Nøttveit
Publisert

Dei to miljøorganisasjonane saksøkte i juni Olje- og energidepartementet, no Energidepartementet, for å ha gjeve løyve til tre oljeprosjekt.

Rettssaka mellom Natur og Ungdom og Greenpeace på den eine sida, og den norske staten på den andre sida, gjekk i Oslo tingrett i desember.

Baserer seg på høgsterettsdommen

I dag kom dommen, som slår fast at alle tre løyva til å byggja ut oljefunna er ugyldige. Staten får òg forbod mot å fatta andre vedtak som krev gyldig løyve til utbygging og produksjon, melder VG.

Bakgrunnen for sigeren i denne saka er høgsterettsdommen frå 2020, der dei same organisasjonane tapte mot staten. Retten slo likevel fast at regjeringa må undersøkja kva klimakonsekvensar utsleppa frå olje og gass vil få, før dei opnar for å vinna ut nye funn.

– Ein må vita konsekvensane av norsk olje før ein kan tillata at den blir pumpa opp. Det slo dommen fast, og så har ikkje staten følgt opp dette, sa Rasmus Berg i Natur og Ungdom då Framtida.no snakka med han då rettssaka starta.

Rasmus Berg frå Natur og Ungdom følgde det nye klimasøksmålet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Oslo tingrett har slått fast at dette ikkje er gjort før staten opna for dei tre konkrete sakene som det nye klimasøksmålet er tufta på.

Staten blir òg dømd til å betala erstatning og dekkja saksomkostnadane på 3,26 millionar kroner.

Krev stans ved Breidablikk

Dei tre nye løyva som er erkjent ugyldige er:

  • Breidablikk ved Grane utanfor Haugesund
  • Tyrving ved plattforma Alvheim
  • Yggdrasil i Nordsjøen

Til saman utgjer desse funna rundt 875 millionar fat olje.

Equinor har allereie sett i gang produksjon ved Breidablikk, noko Greenpeace no krev full stans i.

– Me legg til grunn at produksjonen på feltet Breidablikk blir stansa omgåande. Me krev stans i all utbygging, slik som dommen slår fast, i dei andre felta, Yggdrasil og Tyrving, seier Pleym til VG.