Kraftig auke i kokainbeslag i fjor
Politiet beslagla store mengder narkotika i 2023. Særleg gjeld det kokain, der dei fire største beslaga i noregshistoria vart registrerte i løpet av året.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Kripos har det ikkje vorte beslaglagt meir narkotika i Noreg sidan 2014, skriv NRK.
Etter cannabis, som står for 40 prosent av beslaga i Noreg, er det kokain som er det vanlegast brukte stoffet i Europa. Kokainbeslaget i Noreg auka med 29 prosent i fjor, ifølgje politiet.
– I 2023 vart det beslaglagt 2292 kilo kokain i Noreg. Dette er meir kokain enn det vart beslaglagt totalt mellom 2000 og 2022, seier leiar for seksjon for narkotikaanalyse ved Kripos, Kari Solvik.
Dei fire rekordbeslaga av kokain vart gjort i Oslo og Vest politidistrikt.