Over 250 rikingar ber om å betale meir skatt

Ei rekkje millionærar og milliardærar har signert eit opprop om at dei rikaste i samfunnet skal betale meir skatt.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Dei 250 rikingane vil at pengane frå skatten skal bli brukt til å betale for offentlege tilbod.

Dei fryktar katastrofale konsekvensar dersom dei folkevalde i verdas leiande økonomiar ikkje tar grep for å møte den aukande økonomiske ulikskapen i verda.

«Førespurnaden vår er enkel: Vi ber dykk om å skattleggje oss, dei aller rikaste i samfunnet. Dette vil ikkje fundamentalt endre leverstandarden vår, eller ta frå barna våre noko, eller skade landa våre sin økonomiske vekst. Men det vil gjere ekstrem og uproduktiv rikdom til ei investering for vår felles demokratiske framtid», heiter det i oppropet.

Oppmodinga er retta mot verdsleiarane som var samla for Verdas økonomiske forum sitt toppmøte i Davos tidlegare denne månaden.

Nokre av dei som har signert er den amerikanske oljearvingen Valerie Rockefeller, Succession-skodespelar Brian Cox og filmskapar Abigail Disney, skriv nettstaden Quartz.