Teqballspelarane frå Steinkjer har berre spelt teqball i litt over eitt år. I november reiste dei til VM i Thailand.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me håpar jo at det skal bli større både i Noreg og andre delar av verda, seier teqballspelar Benjamin Smalås (18) på video til Framtida.no.

Han har berre drive med teqball i litt over eitt år, men har allereie rokke å representera Noreg i verdsmeisterskapet i Thailand saman med makker Paloma Rosa Grøndal (18).

– Konkurransane var veldig vanskelege og det var veldig høgt nivå på dei beste, men det var ei heilt fantastisk oppleving å vera med andre gode atletar. Å snakka med dei og spørja kor mykje dei trenar og kva dei gjer, var kjempeartig, fortel Paloma.

Ungarsk oppfinning

Teqball er ein ung sport, som vart funnen opp i Ungarn for ti år sidan. Gründerane bak sporten var fotballentusiastar som hadde byrja å spela fotball på bordtennisbord. Dei kom opp med idéen om eit kurva bordtennisbord og i 2016 vart sporten offisielt lansert med hjelp av den tidlegare fotballstjerna Ronaldinho.

Teqballreglar

  • Teqballbordet er 3 meter langt og 1,7 meter breitt med ei kurve opp mot midten
  • Teqball blir spelt med ein fotball, der storleik 5 er den offisielle storleiken
  • Teqball kan spelast med to spelarar (singles) eller fire spelarar (doubles)
  • Vinnaren er best av tre sett
  • Eit sett går til 12 poeng
  • Spelarane byter serve etter 4 poeng
  • Spelaren har to forsøk på kvar serve
  • Ballen skal returnerast etter maks tre berøringar i laget
  • Når ein spelar dobbelt må ballen sendast til lagspelaren minst éin gong
  • Ein kan bruka alle kroppsdelar, sett bort frå armar og hender
  • Det er forbode å bruka same kroppsdel to gongar på rad
  • Det er forbode å returnera ballen over nettet med same kroppsdel to gongar på rad
  • Ein kan ikkje vera borti verken bord eller motspelar under spel

Kjelde: Wikipedia

 

Då Benjamin vart introdusert til teqball av ein person som vitja G19-laget han spelte på heime i Steinkjer, var det ikkje mykje som skulle til før han vart biten av basillen.

– Det er jo eit år sidan me starta og den utviklinga me har hatt sidan då er ganske fenomenal og den er me eigentleg ganske stolt over, seier Benjamin.

Han tykte det var skikkeleg vanskeleg til å byrja med, men veldig artig etter å ha trent litt.

Rundt ti timar i veka

Han fekk med seg Paloma, som raskt utmerkte seg. Dei to har ikkje ein eigen trenar, men jobbar hardt med å forbetra seg på eiga hand. I oppkøyringsperiodar har dei fire treningar i veka på tre til fire timar.

– Det er kjempeartig når me er på trening og spelar mot kvarandre og klarar å få til nokon gode rally. Ein smashar litt og servar bra og så går det litt fram og tilbake og så tapar ein poenget. At det er godt spel rett og slett, forklarar dei.

Benjamin får eit smil om munnen når han fortel om då han fekk til den første smashen, noko som kravde mykje tøying og trening. Foten må nemleg ganske høgt opp for å klara å få ballen hardt ned i bordplata på motstandaren si side.

Teknisk sport

Teqball er som namnet hintar til ein veldig teknisk sport og reglane kan vera litt kompliserte i starten. God koordinasjon, krafttilpassing, romkjensle, eksplosivitet, tøyelegheit og fokus er eigenskapar som kjem godt med.

Benjamin og Paloma har begge fotballbakgrunn og har spelt på same aldersbestemte lag i barndommen. Paloma var så god at ho fekk spela på gutelaget. Ho speler framleis fotball på kvinnelaget til Steinkjer, medan Benjamin har funne att idrettsgleda gjennom teqball.

Han har eit klart mål til andre som vil prøva seg på teqball:

– Ikkje gje opp sjølv om det er vanskeleg i starten. I det du byrjar å få inn teknikken og halda ballen i spel, så er det kjempeartig. Det å kome seg over den første bakken er det mange synest er vanskeleg, men berre stå på. Det losnar før du veit ordet av det.

Kort veg til toppen

Den norske spelaren Pernille Ingvaldsen Smith var rangert som nummer ti i verda på kvinnesida, før ho la skoa på hylla. Paloma skulle eigentleg ha delteke på ei eiga kvinnesamling, men den vart avlyst på grunn av få påmelde.

– Rekrutteringa av jenter er kanskje det som bør setjast høgast på prioriteringslista framover. Me treng fleire som Paloma, meiner Benjamin.

Ulempene med å halda på med ein såpass liten sport er at rekrutteringa kan vera vanskeleg. Benjamin og Paloma har til dømes få motstandarar når dei skal øva på double, der ein speler to mot to.

– Fordelen med dette er at me eigentleg kan leggja lista og sikta mot toppen med éin gong. Vegen frå botn til topp er ikkje like lang som den kanskje er i større sportar, og det er jo ein fordel for oss, seier Benjamin.

Neste mål er skandinavisk meisterskap i mars. Den store draumen er å vinna internasjonale turneringar.

– Eg har veldig lyst til å halda den pokalen. Det hadde vore kjempeartig, men det er mykje øving som skal til, seier Paloma, som òg drøymer om å gjera det godt saman med Benjamin.

Paloma Rosa Grøndal og Benjamin Smalås saman med den polske verdsmeisteren Adrian Duszak og kjærasten Alica Bartnicka, som òg er teqballspelar, i Skopje i Nord-Makedonia. Foto: Norges Teqballforbund

President i Norges teqballforbund Lasse Lassen. Foto: Norges teqballforbund

– Stort balltalent

– Det er veldig imponerande at dei er så dedikerte. Det er fantastisk at dei har fått sånn smaken på det. Dei kjem til å bli viktige representantar for teqball i Noreg, seier Lasse Lassen.

Han er leiar i Norges teqballforbund og var den som introduserte Benjamin for sporten.

– Eg har stor tru på Benjamin og Paloma. Paloma er eit stort balltalent og Benjamin er veldig hardtarbeidande. Med den innsatsen og dei rammene dei har på Steinkjer så kan dei innan fem år koma høgt opp internasjonalt, spår Lassen.

Då teqball-NM vart arrangert i Steinkjer kunne det vera opp til 12–13 spelarar på treningane i forkant. Det er likevel ingen som er like dedikerte som Benjamin og Paloma, som har skaffa eigne sponsorar og har fått reise til både Skopje og Thailand.

– Benjamin og Paloma si utfordring er at for å flytte seg til neste nivå må me alliera oss med treningspartnarar, så er vi nøydde til å ha samarbeid med andre på eit høgt nivå.

Frå aktivitet til sport

Det er selt veldig mange teqballbord i Noreg, både til skular og tippeligaklubbar. Likevel trur Lassen at det er eit langt stykke igjen for sporten i Noreg.

Teqball er ein komplisert sport som tek tid å meistra, i tillegg er utesesongen i Noreg kort og kampen om speletid inne i hallane på vintertid hard.

– Det er mange i Noreg som veit kva teqball er. Dei fleste tippeligaklubbar har eit teqballbord og det er ein populær aktivitet. Men det er forskjell på aktivitet og sport. Slik det er i Noreg no så er det ikkje ein sport.