Desse er nominert til Uprisen 2024

Fem ungdomsskuleelevar har gått gjennom over 1000 bokmeldingar for å finna dei fem beste ungdomsbøkene som vart gitt ut i 2023.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det finst alt for mange ungdomsbøker av låg kvalitet som slepp igjennom. Det å sila ut dei svake bøkene kan få fleire til å lesa. Difor ville eg vera med på å bruka kritikarklassane sine meldingar til å plukka ut fem bøker som blir nominert til Uprisen.

Det svara Hedda Moen Gjerstad til Foreningen! les sin nettstad denboka.no på kvifor ho ville vera med i juryen.

1069 bokmeldingar

Nominasjonsjuryen består av fem ungdomsskuleelevar som har gått gjennom 1069 meldingar frå kritikarklassar over heile landet. Basert på dette har dei plukka ut fem nominerte til Uprisen 2024.

Dei nominerte er:

  • Kongen av Sotra av Runo Isaksen, Teft forlag.
  • På en betingelse av Neda Alaei, Gyldendal.
  • Dronningen. Halve kongeriket 6 av Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen, Aschehoug.
  • Kvil i fred av Peter F. Strassegger, Samlaget.
  • Voksesmerter av Marte Mittet, Omnipax.

Kva gjer ei ungdomsbok god?

I tillegg til Hedda Moen Gjerstad (15) frå Vindøla, bestod juryen av Heidrun Margrete Brekke Kamfjord (14) frå Lillehammer, Jakob Ohrem Bakke (15) frå Larvik, Melat Hailu (14) frå Vinstra og Frida Emberland Fossland (15) frå Avaldsnes.

– Me snakka mykje om kva som gjer ei ungdomsbok god, og har kome fram til fem nominerte bøker og fem som me gjerne òg vil anbefala å lesa, seier nominasjonsjuryen i pressemeldinga frå Foreningen! les. nominasjonsjuryen.

No skal bøkene vurderast av tolv juryklassar frå heile landet.

Vinnaren vert annonsert under prisseremonien på Litteraturfestivalen på Lillehammer 30. mai 2024.