Tradisjonell haka frå New Zealands parlament går viralt
Tala kjem frå New Zealand sin yngste politikar i nasjonalforsamlinga.
– Eg vil døy for dykk i desse kammera, men eg vil også leve for dykk utanfor desse fire veggane.
Det var hovudbodskapet til Hana-Rawhiti Maipi-Clarke (21) då ho skulle ha sin fyrste tale i det newzealandske parlamentet 12. desember, ifølgje New Zealand Herald. I tala si prata ho maori, og framførte ein tradisjonell haka, som no går viralt.
Hakaen og delar av tala har no over 7 millionar visningar på TikTok.
Maipi-Clarke vart valt inn i parlamentet i oktober 2023 og er den yngste representanten i parlamentet i New Zealand på 170 år. I tala si vektla ho blant anna at ho kjem til å kjempe for urfolket sin maoriske kultur, språk og miljø.
Maipi-Clarke dedikerte noko av bodskapet sitt spesielt til unge maoriar:
– Pass aldri inn. Du er perfekt. Du passar perfekt.