Politiet redda kvalp frå mogleg overdose

Politiet i California frykta at hunden hadde fått i seg fentanyl og gav han motgift.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Den åtte månader gamle kvalpen skal ha kome i nærleiken av stoffet fentanyl i ein bil, og byrja å vise teikn på ein overdose. Det opplyser politiet i byen Irvine i California, ifølgje The Guardian.

Politiet gav pitbull-kvalpen ein dose med Narcan, som fungerer som motgift ved ein opioid-overdose.

Fentanyl

Fentanyl er eit sterktverkande, syntetisk opioid.

Fentanyl er 75–100 gonger sterkare enn morfin.

Fentanyl blir brukt i smertebehandling, men blir òg framstilt illegalt som kvitt pulver til rusbruk. Stoffet blir rekna som svært farleg, fordi det er så sterkt per milligram.

Illegalt fentanyl er i dag den hyppigaste årsaka til overdosedødsfall i USA.

Ved overdose er det viktig å sørge for frie luftvegar og gi generell førstehjelp. Motgifta til fentanyl er nalokson, også kjent som Narcan.

Kjelde: Store medisinske leksikon

 

Eigarane av hunden er blitt arresterte, og er mistenkte for grov dyremishandling og for å ha narkotika.

Kyle Oldoerp, som er talsperson for politiet, seier til Los Angeles Times at eigaren trudde at hunden hadde fått ein overdose, fordi det allereie har skjedd med han ein gong før og ho kjente att symptoma.

Ein liten kvalp ser redd ut.

Her er kvalpen etter at han hadde fått motgift. Politiet fortel at det går betre med hunden.

Etter at politibetjentane gav kvalpen motgift, byrja han å bli betre. Hunden fekk vidare akuttbehandling hos ein veterinær.

– Vi er glade for å kunne rapportere at hunden kjem seg att, opplyser politiet. Hunden vil vidare bli teken hand om av dyreeininga til politiet.

Det har dei siste åra vore ein stor auke i overdosedødsfall knytt til opioid i California. I mars godkjente det amerikanske Food and Drug Administration sal av nalokson, som òg er kjent under merkenamnet Narcan, reseptfritt. Medisinen fungerer som ein nasespray, og har blitt hylla for å redde liv, skriv The Guardian. Han har òg vist seg å verke på hundar.