– Det blir jo ein og anna fest etter førestilling, men det me gjer aller mest, er å reise, vente og førebu oss, fortel Halvor Johansson om livet som komikar.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Eg visste på ingen måte at eg ville bli komikar, eg ante ikkje at eg kunne jobbe med det.

Det skriv komikar og radiovert Halvor Johansson til Framtida.no på e-post.

Johansson kom inn i yrket nokså tilfeldig for tolv år sidan etter eit forslag frå familie og vener om å melde seg på eit standupkurs.

– Eg har nok alltid både vore «klassens klovn» og vore glad i å fantasere, historieforteljing og generelt få folk til å le. Den gongen visste eg ikkje at standupkomikar var eit yrke ein kunne leve av i Noreg, med mindre ein var på TV eller i NRK, så eg byrja vel med det utan andre ambisjonar enn at det kunne bli ein hobby.

Om Halvor

Namn: Halvor Hravn Jellum Johansson

Alder: 35

Frå: Drammen

Yrke: Komikar og radiovert

Utdanning: Inga relevant utdanning for yrket

 

Fleire år med mykje innsats

Då Johansson gjekk på ungdomsskulen var det tradisjonelle råd om at ein anten skulle studere eller ta handverkslinje. Det var nesten ikkje snakk om kreative yrke, og Halvor visste til dømes ikkje kva ein folkehøgskule var før han var vaksen, enda det finst radiolinje i heimbyen Drammen.

Han utdanna seg som institusjonskokk, og jobba som kokk i omtrent ti år.

Undervegs byrja han med standup som hobby etter råd frå folk rundt han. Til slutt kom det til eit punkt der han tente nok pengar på det til å kunne slutte i den vanlege dagtidjobben som kokk.

Komikaren legg ikkje skjul på at det tok nokre år med mykje innsats.

– Når eg seier at det er tilfeldig, så er det sjølvsagt ikkje utan hard jobbing frå då eg først byrja å setje meg mål, seier han.

Johansson har ikkje nokon bakgrunn som hjelpte han inn i yrket, og sjølv om utdanninga som institusjonskokk ikkje har gjort noko særleg for jobben han har i dag, trur han likevel at den har spela ei rolle.

– Då det å vere komikar ofte handlar om å ta ting på kornet frå kvardagslivet og skape vitsar og historier som folk kjenner seg igjen i, så er det absolutt inga ulempe å ha ein ordinær yrkesaktiv bakgrunn. Noko eg meiner politikarar også burde tenkje på, fortel 35-åringen.

Om komikaryrket

Stilling: Ein komikar er nokon som framfører humor for å få andre til å le, gjerne frå ein scene. Framføringane er ofte spontant improviserte, og tek opp tema frå dagleglivet, populærkulturen eller andre aktuelle samfunnsforhold.

Utdanning: Ein treng ikkje utdanning for å jobbe som komikar. Det finst inga offisiell komikarutdanning, og dei fleste komikarar har difor ulik bakgrunn. Nokre er skodespelarar, tekstforfattarar eller har utdanning frå folkehøgskule. Andre har utdanningar som ikkje er direkte relevante for komikaryrket eller har ikkje utdanning i det heile. Dei fleste bygger seg likevel opp erfaring gjennom ulike kurs eller ved å stå standup eller liknande på mindre scenar.

Gjennomsnittleg årsløn: Løna i komikaryrket varierer ofte etter kva oppdrag ein gjer. Det er difor ukjent kva gjennomsnittleg årsløn er blant komikarar.

 

Kjelde: snl.no og Halvor Johansson

Cowboy og «rock ‘n’ roll»

Før Johansson sjølv blei komikar såg han for seg at yrket var «litt cowboyaktig utan ordna forhold, med mykje alkohol og reising til pubar og utestadar med dårleg lyd og pussig tilvære».

– Det har det også vore, men i dei siste åra når det har vore meir orden, har det blitt ein ordentleg jobb.

Han trur også at andre folk kan ha oppfatningar om at det er heilt «rock ‘n’ roll» å vere på turné som komikar.

– Det blir jo ein og anna fest etter førestilling, men det me gjer aller mest, er å reise, vente og førebu oss.

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag for deg ut? 

– Det er nesten umogeleg å svare på. Eg kan ha utruleg late dagar i vekene når andre er på jobb, med kanskje berre litt kontorarbeid heime. Men så har eg også utruleg travle dagar der eg er på jobb på Radio Rock, lagar podkast og har DJ-sendingar. Og så skal eg ut og reise på turné. Ta buss, tog og fly. Møte på lydsjekk, sjekke inn på hotell. Spele show, prøve å få ete ein middag åleine ein plass og anten bruke kvelden på å reise heim, eller gå på hotellet, lese bok og legge seg, fortel han.

Arbeidskvardagen til ein komikar består med andre ord ofte av oppdrag frå kundar i firmamarknaden. Han trekker fram at det kan vere utfordrande at det er det ein i hovudsak lever av.

– Då veit ein sjeldan kva ein kjem til. Eit julebord, ein kickoff eller ein sommarfest der alle gjestene utanom kanskje to stykk veit at du skal kome og gjere standup. Det å skulle underhalde, fange og halde på merksemda til folk som ikkje anar kven du er eller kva du skal framføre, er veldig utfordrande.

To menn på Nytt på Nytt

Johansson er takksam for mogelegheitene han får gjennom komikaryrket. Her under ei sending av humorprogrammet «Nytt på Nytt». Foto: Julie Marie Naglestad/NRK

Standup på Svalbard og oljeplattform i Nordsjøen

Sjølv om komikaryrket inneber mykje reising og venting, er det å få oppleve heile Noreg det beste med jobben for Johansson.

– Å oppleve at eg er privilegert nok til å kunne reise rundt i det lange, rare landet her, og så kjem det folk som har kjøpt billettar for å sjå meg. Det er jo heilt absurd og gøy.

Som komikar og eit kjent fjes får han oppleve mykje. Førespurnadar frå både TV-produksjonar og reklamar har gjeve han fleire utrulege opplevingar.

– Til dømes å bli flydd i helikopter til Svalbard eller Nordsjøen for å gjere standup på oljeplattform i romjula. Det mest utrulege var vel kanskje at eg på kort varsel blei spurd om ein reklamejobb for ei elektrokjede, sa ja, og dagen etter låg eg på eit boogieboard i Øresund bak ein speedbåt og prøvde å lage ekstremreklame i våtdrakt for ein Samsung-mobil, fortel han.

Må klare å reise deg dersom ingen ler

Å vere komikar krev mykje, og Johansson ramsar difor opp fleire ting som skal til for at ein skal passe til yrket.

– Kreative sjeler som toler ein del motgang. For det er mykje jobb å kome seg der det blir ein heiltidsjobb. Du bør ha eit talent for humor i botn sjølvsagt, men også vere klar for å møte på ein del utfordringar undervegs.

Til dømes må ein kunne klare å reise seg etter å ha gjort jobbar der nesten ingen har ledd av deg, der du bommar på stemninga eller seier noko feil.

– Det kan vere tungt. Så du bør ha sjølvinnsikt, men òg vere idiot nok til å ha trua på eige talent i etterkant uansett.

Han tipsar unge som vurderer ein jobb innan komikaryrket å vere tolmodige og audmjuke.

– Ingenting skjer over natta. Ta gjerne imot gode råd frå eldre kollegaar. Me har sett og opplevd det meste.  

Sjølv er han takksam for å kunne leve av komikaryrket, og håpar at han kan halde fram med det, at folk kjem på showa hans og høyrer på podkastane hans.

– Det er ikkje gitt at ein kan gjere det livet ut, seier komikaren.

Les også: Yrket mitt: Simen (34) er pilot: – Fantastisk jobb, men den passar ikkje for alle

Pilot i fly.

Simen Follesø Røiseland arbeidar som pilot i flyselskapet Widerøe.