Desse vann Golden Globe-utdelinga 2024

Oppenheimer slår Barbie og Succession har stor suksess

Blant vinnarane har ein den første anime-filmen som kan skryte av eit trofé, og ein serie om ein gourmet-kokk som driv ei sandwich-sjappe.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 12.01.2024 10:01

I helga gjekk Oppenheimer sigrande ut av Barbenheimer-duellen, med heile fem prisar på Golden Globe-utdelinga. Den prestisjefulle prisen «Beste dramafilm» gjekk til storfilmen, i tillegg til «Beste filmmusikk», «Beste mannlege skodespelar i ein dramafilm», «Beste regissør», og «Beste birolle i ein dramafilm».»

● Les også: Oppenheimer: Den perfekte filmatiseringa av ei sann hending 

Barbie stod heller ikkje tomhendt att på slutten av kvelden. Filmen kunne smykke seg med «Beste kinosuksess» og hitsongen «What Was I Made For?» av Billie Eilish fekk pris for beste song.

Margot Robbie fekk ingen eigen Golden Globe i år, men kan glede seg over to prisar til Barbie-filmen. Foto: AP Photo/Chris Pizzello

Alle vinnarar av Golden Globe 2024

  • Beste animerte film:
    Gutten og hegren (Originaltittel: Kimitachi wa Dō Ikiru ka)
  • Beste dramafilm:
    Oppenheimer
  • Beste film, komedie eller musikal:
    Poor Things
  • Beste framandspråklege film:
    Fritt fall (Originaltittel: Anatomie d’une chute)
  • Beste filmmusikk:
    Ludwig Göransson, Oppenheimer
  • Beste song:
    «What Was I Made For?» av Billie Eilish og Finneas O’Connell, Barbie
  • Beste kvinnelege skodespelar i ein miniserie:
    Ali Wong, Beef
  • Beste kvinnelege skodespelar i ein dramafilm:
    Lily Gladstone, Killers of the Flower Moon
  • Beste kvinnelege skodespelar i ein film, komedie eller musikal:
    Emma Stone, Poor Things
  • Beste kvinnelege birolle i ein film:
    Da’Vine Joy Randolph, The Holdovers
  • Beste kvinnelege birolle i ein TV-serie:
    Elizabeth Debicki, The Crown
  • Beste kvinnelege skodespelar i ein TV-serie, komedie eller musikal:
    Ayo Edebiri, The Bear
  • Beste kvinnelege skodespelar i ein dramaserie:
    Sarah Snook, Succession
  • Beste mannlege skodespelar i ein miniserie:
    Steven Yeun, Beef
  • Beste mannlege skodespelar i ein dramafilm:
    Cillian Murphy, Oppenheimer
  • Beste mannlege skodespelar i ein film, komedie eller musikal:
    Paul Giamatti, The Holdovers
  • Beste mannlege birolle i ein film:
    Robert Downey Jr., Oppenheimer
  • Beste mannlege birolle i ein TV-serie:
    Matthew Macfadyen, Succession
  • Beste mannlege skodespelar i ein TV-serie, komedie eller musikal:
    Jeremy White, The Bear
  • Beste mannlege skodespelar i ein dramaserie:
    Kieran Culkin, Succession
  • Beste standup på TV:
    Ricky Gervais, Armageddon
  • Beste filmmanus:
    Justine Triet og Arthur Harari, Fritt fall (Originaltittel: Anatomie d’une chute)
  • Best miniserie:
    Beef
  • Beste TV-serie, musikal eller komedie:
    The Bear
  • Beste dramaserie:
    Succession
  • Beste kinosuksess:
    Barbie
  • Beste regissør:
    Christopher Nolan, Oppenheimer

Kjelde: Golden Globe Awards

 

Framande filmar vinn fram

Den franskspråklege Anatomie d’une chute (Fritt fall på norsk, eller Anatomy of a Fall på engelsk) vann både beste framandspråklege film og beste filmmanus.

I tillegg vart den japanske teiknefilmen Gutten og hegren, den siste filmen frå studio Ghibli og Hayao Miyazaki, den første anime-filmen som vinn ein Golden Globe.

I sin fjerde og siste sesong av Succession filma dei blant anna i Noreg. Foto: HBO

På seriesida var HBO-suksessen Succession ein overlegen vinnar, med heile fire prisar, men komiserien The Bear sin andre sesong gjorde det også godt med sine tre sigrar.