Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå for seg at medan vi sit i Noreg og bakar peparkaker, syng julesongar og pakkar inn pakkar, er det nokon plassar kor jul er ulovleg.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

På andre sida av kloden, i det vesle landet Brunei, er det faktisk forbode å feire jul for 80 prosent av befolkninga.

Brunei er eit lite land i Søraust-Asia, som ligg på øya Borneo, saman med Malaysia og Indonesia. Det er eit lite land i areal, faktisk berre litt større enn Østfold. Innbyggjartalet ligg på litt under ein halv million. Av desse er over 80 prosent muslimar.

Landet vert styrt av ein eineveldig sultan som styrer omtrent alt. Han vil at landet skal ha muslimske verdiar og lover, og har i dei seinare åra blitt strengare og strengare. I 2014 starta myndigheitene å slå ned på julefeiring og i 2019 vart full sharialov innført for landets muslimar, og delvis for ikkje-muslimar.

Flagget til Brunei. Illustrasjon: Nightstallion, Wikimedia Commons

Julefeiringa i Brunei

Det strenge islamske regimet i Brunei vil at befolkninga skal fortsette å vere muslimar. Derfor er julefeiring strengt forbode for alle muslimar i landet. Sultanen er rett og slett redd for at muslimane skal synest at jul er så koseleg at dei heller vert kristne enn muslimar.

For dei om lag 30 000 kristne i Brunei er ikkje julefeiring heilt forbode. Så lenge dei melder frå til myndigheitene på førehand om at dei har tenkt å feire jul, er det tillaten å feire jul i deira eige heim, eller å gå i kyrkja.

Viss myndigheitene avslører at nokon har brote reglane kan dei risikere fengsel i opp til fem år, bot på opp til 200 000 kroner, eller begge deler.

Juledekorasjonar er også forbode. Juletre, julelys, kors og nisseluer er strengt ulovleg å pynte offentlege rom med.

På grunn av dei strenge reglane har det dei siste åra blitt vanleg for den kristne befolkninga i Brunei å reise ut av landet i juletida, for å feire jul andre plassar. Sjølv om nabolandet Malaysia også har ein majoritet av muslimar er ikkje lovene så strenge og det er heilt greitt å feire jul der. Mange bruneiske kristne vel derfor å ta juleferien der.

Det kan vere farleg å kritisere regimet i Brunei, men nokon har stått opp for retten til å feire jul. Dette har skjedd over heile den muslimske verda og skjer særleg i sosiale medium med bruk av emneknaggen #mytreedom.

Sultan Hassanal Bolkiah av Brunei. Foto: 首相官邸ホームページ, Wikimedia Commons

Sultanen

Sultan Hassanal Bolkiah har bestemt at julefeiring skal vere ulovleg, men det er ikkje det einaste han bestemmer. Han bestemmer stort sett alt anna også, og det har han gjort sidan 1967 da han vart innsett som sultan i Brunei. Han har altså vore sultan i 56 år, og er verdas lengstsitjande noverande statsoverhovud.

Ikkje berre er han sultan, han er også landets statsminister, finansminister og forsvarsminister. Resten av regjeringa er i all hovudsak sett saman av familiemedlemmar av sultanen. Parlamentet vart stengd mellom 1962 og 2004, og då sultanen opna det igjen etter 44 års nedstenging endra han også grunnloven slik at han sjølv kan velje kven 30 av dei 45 seta i parlamentet skal vert fylt av. Det er altså ikkje særleg tvil om kven som er sjefen i Brunei.

I tillegg til å ha mykje makt, har han også frykteleg mykje pengar. Han skal vere god for rundt 300 milliardar norske kroner. 50 av disse milliardane skal han visstnok ha brukt på over 7000 bilar, verd over 50 milliardar kroner, som står fordelt i 110 ulike garasjar.

I samlinga skal han ha mellom anna over 500 Rolls-Roycear, 450 Ferrariar og 380 Bentleyar.

Han bur i eit palass med over 1700 rom, har fleire privatfly, og ein frisør han jamleg flyr inn frå London. Slikt har du altså råd til viss du har vore eineveldig sultan i eit land med massevis av olje og gass i over 50 år.

Istana Nurul Iman er namnet på palasset til sultanen av Brunei. Foto: de: Benutzer: Chtrede

Dødsstraff for homofili

Julefeiring er ikkje det einaste sultanen har forbode. Brunei har lenge hatt strenge lover mot homofili, men med innføringa av sharialov i 2019 kom det nye enda strengare tolkingar av sharialoven. Då vart det på papiret innført dødsstraff for menn for å ha sex med ein annan mann. Sex mellom to kvinner vart straffa med stokkeslag eller fengsel.

Kort tid etter innføringa av dødsstraff kom det sterke reaksjonar frå internasjonalt hold. Mellom anna George Clooney oppfordra til boikott av Brunei-eigde hotell. På grunn av reaksjonane valte sultanen å innføre eit moratorium for dødsstraffa, altså at det vert sett ein midlertidig stopp i den form for straff. Men som sagt så har sultanen all makt og kan når som helst oppheve dødsstraff-pausen.

I tillegg til julefeiring og homofili er det også ulovleg å vere utru, kritisere sultanen, selje alkohol, i tillegg til mykje anna, som det gjerne er i land som har sharialovar.

Så om du hadde tenkt å ta din neste julefeiring i Brunei, må eg dessverre skuffe deg. Eg trur ikkje det er det beste valet.