Mållaget feira Nobel-Fosse med 15.000 medlemer
Noregs Mållag merker «nobel-effekten» etter at Jon Fosse blei tildelt nobelprisen i litteratur.
– Dette er useieleg stort. Nobelprisutdelinga til Jon Fosse vart ein av dei største festdagane for nynorsk vi nokon gong har sett, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Medlemstalet til Noregs Mållag har auka med over 1200 betalande medlemmar etter at nobel-tildelinga blei kjend i oktober. Rett før Jon Fosse skulle halde nobelføredraget sitt, nådde Mållaget 15 000 medlemer.
– Ofte vender folk seg til Mållaget når nynorsken er truga, men denne gongen er det ekstra stas at dei melder seg inn fordi det er noko å feire! Fleire medlemer gjev styrke til målreisinga, seier Peder Lofnes Hauge.
Jon Fosse, som sjølv er medlem i Mållaget, takka på førehand den nynorske målreisinga for prisen.