Russisk høgsterett dømer LHBT-rørsla som ekstremistisk

Russarar kan no hamne i fengsel for å heise regnbogeflagget.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Den russiske høgsteretten dømde førre veke at den «internasjonale LHBT-rørsla» er ein «ekstremistisk organisasjon», skriv Human Rights Watch (HRW).

Dommen kom etter at det russiske justisdepartementet saksøkte «den internasjonale LHBT-rørsla» for å hausse opp sosial og religiøs uro.

Sidan den «internasjonale LHBT-rørsla» ikkje er ein organisasjon som eksisterer, fryktar menneskerettsforkjemparar at den nye dommen vil verte brukt til å vilkårleg dømme kven som helst som jobbar for LHBT-rettar.

Harde straffar

I Russland kan ein bli straffa med fengsel i inntil 12 år for å delta i eller finansiere ein ekstremistisk organisasjon.

Ein kan også risikere inntil fire år i fengsel for å bruke symbola til ei ekstremistisk gruppe gjentekne gonger. Berre det å heise regnbogeflagget kan altså bli svært risikabelt i Russland.

Folk som er mistenkte for å vere «ekstremistar» kan få bankkontoane sine fryste, og kan verte bannlyste frå å stille til val.

LHBT-syndebukkar

Tanya Lokshina, assisterande direktør for Europa og Sentral-Asia ved Human Rights Watch, seier på nettsida til HRW at dette grepet frå styresmaktene har to funksjonar:

– Meininga er å i auka grad utpeike LHBT-folk som syndebukkar for å appellere til dei konservative støttespelarane til Kremlin før presidentvalet i mars 2024, og å paralysere arbeidet til organisasjonar som kjempar mot diskriminering og støttar LHBT-folk, seier ho.

Forfølger motstandarar

Dei russiske styresmaktene har ei lang historie med å misbruke dei breie og vage anti-ekstremisme-lovane i landet til å forfølge fredfulle kritikarar, skriv HRW.

Dei har mellom anna vert brukte til å straffeforfølge opposisjonsleiaren Alexey Navalny og støttespelarane hans.

Russland har sidan 2013 hatt ein «homopropaganda»-lov, som har vorte brukt til å råke LHBTQ+-folk og -aktivistar.

Tanya Lokshina i HRW seier at angrepet på LHBT-rettar har blitt eit symbol på Russland si avvising av universelle menneskerettar.

– Russiske LHBT-folk treng støtte no meir enn nokosinne, seier ho.


Floridas guvernør Ron DeSantis etter å ha signert nye lover retta mot LBHT-miljøet, tysdag 16. mai 2023. Foto: AP Photo/Wilfredo Lee