Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Fredag morgon vart den midlertidige våpenkvila mellom Israel og Hamas broten. Våpenkvila hadde då vara i nesten sju dagar og skulle gått ut klokka 6.
Klokka 5 skal flyalarmen ha gått i Israel, og forsvaret deira meldte i dag tidleg at krigen starta opp att. Reuters har også meldt at ein kan høyre skyting og eksplosjonar frå Gazastripa. Helsemyndigheitene på Gaza melder om 14 drepne drepne dei to første timane etter at krigen starta opp att, ifølgje VG.
Avtalen om våpenkvile var forhandla fram i Qatar, ved hjelp av USA og Egypt.
I tillegg til at Israel skuldar Hamas for å ha brote våpenkvila, skal dei ha vore ueinige om kva for gissel som skulle frigjevast vidare. Ifølgje Reuters er 105 gissel frigitt frå Gaza under våpenkvila, og israelske myndigheiter har frigitt 240 palestinarar frå israelske fengsel. Dei fleste av dei frigivne er kvinner og barn.
Under våpenkvila har det kome lastebilar med naudhjelp inn til innbyggjarane på den tett befolka Gazastripa. Desse vil no stansa opp att.
Torsdag starta klimatoppmøtet COP28 i Dubai. Toppleiarar, forhandlingsdelegasjonar og sivilsamfunn er samla for å jobba saman for å bremsa klimagassutsleppa og takla klimakrisa. Allereie første dagen kom nyheita om at landa har vedteke eit fond for tap og skade, som skal verte husa av Verdsbanken.
Årets klimatoppmøte har hausta kritikk fordi vertslandet er ein oljenasjon som stadig vert kritisert for menneskerettsbrot. Denne veka vart det lekt dokument som tyda på at COP28-president Sultan Al Jaber, som òg leiar det statlege oljeselskapet Abu Dhabi National Oil Co., ville bruka forhandlingane til å føreslå nye oljeavtalar. Al Jaber nektar for skuldingane.
I tillegg til klimafinansiering til fattige land og fossil utfasing, skal medlemslanda gjera opp Global Stocktake (GST), som er status for korleis dei ligg an til å nå måla etter Parisavtalen.
– Det er første gongen ein skal sjå kor langt vi er komne og kva det er som gjenstår til oppnåing av Parisavtalen, forklarar ungdomsdelegat Matilde Angeltveit til Framtida.no.
Denne veka starta årets handball-vm for kvinner i Noreg, Sverige og Danmark.
Dei skandinaviske allmennkringkastarane NRK, SVT og DR har spurt skandinaviske landslagsutøvarar om dei har spelt kampar dei mistenkjer har vore fiksa. 103 spelarar har svara. Det er nesten halvparten av dei kvinnelege og mannlege spelarane som har representert landa.
Èin av tre svarar at dei har spelt minst ein kamp dei mistenkte var fiksa. To av tre av desse meiner det har skjedd fleire gonger.
Dei fleste tilfella er i europeiske klubbkampar og over halvparten av dei mistenkte kampfiksingane har skjedd dei siste fire åra.
– Spelarane sine mistankar om kampfiksing i undersøkinga speglast ikkje i våre tal, svarar EHFs kommunikasjonssjef Thomas Schöneich til NRK.
Måndag 27. november måtte veljarar i Moss gå til stemmeurnene på nytt for å stemme på kandidatar til fylkestinget i nye Østfold-fylke.
Det er første gang på 40 år at det er gjennomført eit omval i Noreg. Grunnen er ein menneskeleg svikt under kommune- og fylkestingsvalet 11. september. Valmedarbeidarar gløymde å leggja fram vallistene til det nye Industri- og næringspartiet (INP) i eit vallokale i Moss.
I første omgang fekk INP eitt mandat i fylkestinget, men mangla berre sju stemmer for å få eit mandat til. På grunn av dei små marginane vart det lyst ut omval. Partiet fekk 4 prosent oppslutnad i Østfold og vann eit ekstra mandat på kostnad av Høgre.
– Me kjem til å gjera det same no som sist, me lagar ei bestillingsliste som leverast til partane. Då må dei konkurrere om å gje oss dei beste tilboda, seier førstekandidat i Østfold INP, Arnstein Koch-Engebretsen til VG.
Ifølgje Valdirektoratet stemte 33,6 prosent i omvalet, mot 55 prosent i det ordinære valet.
Etter å ha vore innesperra i 17 dagar er 41 indiske gruvearbeidarar redda ut. Dei fleste av desse var menn i 20-åra.
Morgonen 12. november kollapsa den 4,5 kilometer lange gruvegangen arbeidarane jobba i. Gruvearbeidet fann stad i Uttarakhand-regionen nord i India og var ifølgje NRK ein del av Char Dham-motorvegen, eit 890 kilometer langt vegnettverk som skal knyte saman fire hinduistiske pilegrimsreisemål.
Gruvearbeidarane har fått mat og medisinsk utstyr inn, men redningsarbeidet har teke lang tid på grunn av nye ras og tungt utstyr. Etter over to veker kunne redningsmannskapar henta ut arbeidarane gjennom eit 90 centimeter breitt røyr.
Tysdag delte D2 og Dagens Næringsliv for femte året på rad ut prisen for «Årets ledestjerne».
Etter nominasjonar frå lesarane har juryen plukka ut 30 under 30 som gjennom gode idear, handlekraft eller leiareigenskapar bidreg til å gjera verda litt betre.
«Årets ledestjerne» Elle Márgget Nystad (24) er leiar i NSR-Nuorat, ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbunds ungdomsforbund, og var ein av frontfigurane i Fosen-aksjonen.
– Å bli «Årets ledestjerne» følast særleg viktig når ein leier ein ungdomsorganisasjon. Prisen beviser også at det nyttar å engasjera seg, vise motstand og kjempe. Og som samisk og minoritet er det dessutan viktig å ha allierte i ryggen, sa Nystad ifølgje D2 under tildelinga.