Benedicte Garmann-Aarhus kom inn på draumeutdanninga som veterinær, men fann ut at yrket ikkje var for ho. No tek ho doktorgrad i biologi.

Frida Tvedte Matre
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

– Det har gått slag-i-slag frå bachelor, til master og no doktorgrad, skriv Benedicte Garmann-Aarhus på e-post til Framtida.no.

Garmann-Aarhus er utdanna biolog, men den noverande tittelen hennar er lenger enn som så. Ho er nemleg doktorgradsstipendiat i evolusjonærgenomikk, som vil seie at ho arbeidar medan ho tek forskarutdanning innan biologfaget.

Ho byrja i jobben som doktorgradsstipendiat i juni, og er no heilt i starten av den tre til fire år lange graden.

– Eg fekk jobben ved å søkje på ei utlysing på jobbnorge.no. Før utlysinga kom ut så hadde eg høyrt at hovudveileiaren min nyleg hadde motteke pengar frå Forskingsrådet til eit veldig spanande prosjekt, så dette doktorgradsprosjektet var på «radaren» min ei stund før eg søkte, seier ho.

Om Benedicte

Namn: Benedicte Garmann-Aarhus

Alder: 29 år

Frå: Arendal

Yrke: Biolog, doktorgradsstipendiat i evolusjonærgenomikk og forfattar

Utdanning: Mastergrad i biovitskap retning økologi og evolusjon frå Universitetet i Oslo

Ingen planar om å bli biolog

Det var ikkje rett fram at Garmann-Aarhus kom inn i biovitenskapens verd. Ho hadde nemleg ikkje noko planar om å bli biolog, då det var dyrlege som var draumeyrke.

– Eg gjekk faktisk på veterinærstudiet før eg byrja på biovitskap. Men då eg etter kvart fann ut at yrket ikkje var for meg, så ville eg framleis jobbe med dyr og natur.

Ho har alltid vore teknologifrelst, så då ho såg at det gjekk an å bruke informatikk for å studere økologi og evolusjon, blei ho ivrig.

– Eg melde meg opp til faga på UiO nesten umiddelbart, fortel Garmann-Aarhus.

Kuttar muskelvev og les forskingsartiklar

Før ho byrja på biologistudiet var det fleire ting ho ikkje hadde vore borte i før. Ho hadde difor få forventingar til korleis studiet og yrket skulle vere. Det einaste ho visste var at ho ville vere i ein jobb kor ho føler at ho alltid lærar noko nytt.

Det gjer ho no. Kvar dag ser heilt ulik ut, og ho stortrivst.

– Ein vanleg arbeidsdag kan vere så utruleg mykje forskjellig. Mykje fordi arbeidet går litt i fasar.

Ho jobbar med DNA-data. For å få data, må ein først skaffe DNA.

– Ein vanleg arbeidsdag kan bestå av å kutte opp muskelvev frå fisk som eg kan løyse opp i laben og hente ut DNA frå. Eller så kan dagen bli tilbrakt på datamaskinen, der eg jobbar med å analysere DNA-et eg har henta ut frå fiskane eg jobbar med. Eller så må eg kanskje lære noko om fiskane eg studerer, eller miljøet dei lever i. Så då må eg ta kurs, eller lese og forstå forskingsartiklar, forklarar ho.

Kvinne viser frem en isfisk.

Benedicte Garmann-Aarhus sin doktorgrad handlar om antarktiske isfisk. Her jobbar ho med isfisk på laben. Foto: Privat

Har oppfylt barndomsdraumen

Doktorgraden hennar involverer også ein del undervisningsarbeid.

– Dagen kan også bestå av å lage og halde forelesingar, seier ho.

I tillegg til å ta doktorgrad om antarktiske isfisk, har Garmann-Aarhus fleire yrkestitlar. Ho er forfattar av boka Verdens rareste dyr som ho gav ut i 2023 på Kagge forlag.

– Eg brukar mykje av tida mi på å skrive. Dersom det er til mine eigne bokprosjekt, skjer det på kvelden etter jobb, men dersom eg til dømes jobbar med et utkast til ein forskingsartikkel, så kan heile dagar bli tilbragt på kafé eller biblioteket, slik at eg får skikkeleg skrive-ro over ein god kopp kaffi.

Det mest utrulege som har skjedd 29-åringen på jobb er å få moglegheita til å oppfylle barndomsdrømmen om å skrive ei bok.

Mogelegheita fekk ho etter ho delte scene med ein av hennar store formidlingsheltar, biolog og professor Anne Sverdrup-Tygeson, på eit universitetsarrangement.

– Etter at me begge hadde snakka på scenen, så introduserte ho meg for ein redaktør frå Kagge som sat i publikum. Og etter utveksling av tekst på e-post og spent venting, så fekk eg endeleg telefonen om at bokdraumen ville gå i oppfylling. Då grein eg faktisk gledestårer på kontoret mitt.

Fakta om biologyrket

Stilling: Ein biolog arbeidar med dyre- og planteliv, både ute i felt og på laboratorium med levande organismar. Ein biolog har kunnskap om organismar si bygning, funksjon, og slektskap. Dei må vite om utviklinga av nye livsformer, evolusjon, og samspelet mellom organisme og miljøet, økologi.

Utdanning: Ein kan ta både årsstudium, treårig bachelor og to- eller femårig mastergrad i biologi. Det er vanleg at biologar spesialiserer seg innafor ein eller fleire retningar, som til dømes marinbiologi, genetikk eller paleontologi. Mange spesialiserer seg vidare innafor desse retningane, og tek forskarutdanning og Ph.d.-program. Då arbeidar ein som biolog samstundes som at ein tek doktorgradsutdanning i faget.

Gjennomsnittleg årsløn: 720 000 kroner (biologar, botanikarar, zoologar mv.)

 

Kjelde: utdanning.no

Lærar noko nytt heile tida

Ho beskriv jobben sin som eit yrke med mykje fleksibilitet. Det synest ho utdanninga førebudde ho godt på.

– Me hadde mange gode og relevante emne som både lærte oss det grunnleggjande om evolusjonærbiologi, og emne som gjekk litt meir i dybden og viste korleis ein kan bruke informatikk for å nøste opp i genomisk data.

Det som førebudde ho aller mest var likevel det sjølvstendige arbeidet ho gjorde med masteroppgåva si.

– Det er veldig mange likskapstrekk mellom å arbeide med ein master og ein doktorgrad, og eg var så heldig at min master var relevant for både den jobben eg har no, og jobben eg hadde før eg starta på doktorgraden, avdelingsingeniør i Earth Biogenome Project Norge, kor eg jobba med bioinformatikk.

Det at ho alltid følar at ho lærar noko nytt peikar ho på som det beste med jobben.

– Berre dei få månadane eg har hatt denne stillinga så har me rukke å gjere så mykje forskjellig, alt frå å jobbe med museumsprøvar i laboratoriet, til å samarbeide med andre som jobbar med antarktiske isfisk, og halde førelesingar.

Kvinne som studerer på en lab.

Mykje av arbeidskvardagen til Garmann-Aarhus skjer på laben. Foto: Privat

Men med jobben som doktorgradsstipendiat kjem det også utfordringar. Ein må mellom anna ha mykje indre motivasjon, og ein må vere initiativrik. Trass dyktige rettleiarar og kollegaer rundt ho, så er det hennar ansvar at ting går framover.

– Når du er i starten av eit prosjekt, så kan det følast overveldande å vite korleis du skal angripe fire år med arbeid, og kor du skal starte. Derfor er det ekstra viktig for stipendiatar å tørre å be om hjelp. Eg trur ei felle mange i akademia kan gå i er at me trur det forventas at ein skal kunne alt frå før ein startar.

Ho fortel difor at ein doktorgrad vil passe best for dei som har mykje indre motivasjon, og som ikkje er skuleleie.

– Då det er ei utdanningsstilling, så inneber jobben å ta ein del kurs og studiepoeng. Spesielt mot slutten av doktorgraden, så vil du møte mange tidsfristar og ein del press for å bli ferdig med prosjekt. Difor passar nok yrket best for dei som kan balansere jobb og fritid på ein ok måte. Dette er eit maraton, ikkje ein sprint, forklarar ho.

Samstundes legg ho til at litt av gleda med ei doktorgradstillig er at det i tillegg til å vere ein jobb, er ei utdanning.

– Så det er lov å ikkje kunne alt, det må me minne oss sjølv på så ofte me treng det.

Ho trur at mange ikkje kjenner til kva ein doktorgradsstipendiat i biologi gjer.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Kanskje at det tek mange offentlege ressursar, og at me berre sit og studerer det me sjølv synest er interessant utan at det gir tilbake til samfunnet.

– Det er difor det er så viktig at me forskarar deler kva me driv med, og fortel kor viktig det arbeidet me gjer er. Ein del av min doktorgrad er til dømes å studere integriteten til den vestantarktiske innlandsisen, og korleis klimaendringar vil påverke smeltinga av denne. Dette har masse å seie for den globale vasstanden, og korleis klimaendringane vil påverka oss i framtida, legg ho til.

Kvinne arbeider på labratorium.

Biologen rådar alle som tenkjer på å gå inn i yrket å finne eit emne dei brenn for. Foto: Privat

Vil gå i fotspora til helten sin

Det å kunne fortsetje å formidle gleda si for biologifaget, er noko ho drøymer om å gjere meir i framtida. Ho ynskjer å skrive meir om dyr og evolusjon, men ho har også andre håp knytt til yrket.

– Eg draumar om å kunne få gå i fotspora til ein av mine store heltar, Sir David Attenborough, og få oppleve nokon verkeleg storslåtte naturopplevingar, og få studere dyra dei bur.

Må brenne for emnet

Ho rår dei som vurderar å ta ein doktorgrad i biologi å velja eit prosjekt dei verkeleg brenn for. Når ein skal jobbe med eit prosjekt i tre til fire år møter ein gjerne på både oppturar og nedturar undervegs i prosessen.

– Då er det utruleg viktig at det du studerer faktisk er noko du er nysgjerrig på, og vil lære meir om, for det er det som vil bere deg vidare når du stangar hovudet i veggen, og kanskje ikkje får heilt dei resultata du hadde håpt på, avsluttar Garmann-Aarhus.