Påtroppande borgarmeister Nadia Mohamed (27) er historisk

27-åringen er truleg den første amerikanske ordføraren med somalisk opphav som er direkte stemt fram av veljarane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Dette er ein milepåle. Det er ikkje endestasjonen. Som borgarmeister vil eg sjå til at folk ser seg sjølv spegla i politikken.

Det sa Nadia Mohamed (27) då ho tidlegare denne månaden vart valt til borgarmeister i St. Louis Park i Minnesota.

Stort somalisk samfunn

Ifølgje nettstaden Sahan Journal er ho den yngste, første svarte, første somaliske og første muslimske borgarmeisteren i byen. Ifølgje nettstaden er ho truleg den andre somaliske borgarmeisteren i USA. I 2021 vart Deqa Dhalac valt til borgarmeister i South Portland i delstaten Maine av bystyret.

Nadia Mohamed var ti år gamal då ho og familien kom til USA frå ein flyktningleir i Kenya.

Minnesota har ei stor befolkning med somalisk bakgrunn og var i 2021 heimstaten til halvparten av alle somali-amerikanarar. Etter valet vart Mohamed gratulert av Zaynab Mohamed (26), som er den yngste personen som er valt inn i senatet i Minnesota.

 

St. Louis Park har 50 000 innbyggjarar. Nadia Mohamed var berre 23 år gamal første gongen ho vart valt inn i bystyret. Ho vart då den yngste representanten, og den første med somalisk og muslimsk opphav.

– Det er fantastisk å oppnå alle desse «første», men det er ikkje der me vil stoppa vår historie, sa Mohamed til Sahan Journal.

58 prosent av stemmene

2. januar 2024 tek 27-åringen over borgarmeistervervet etter Jake Spano, som har hatt vervet i tolv år og støtta kampanjen til Mohamed.

Den påtroppande borgarmeisteren har hatt tilgjengelege bustadar som ei av sine kampsaker og skal ha banka på 5000 dører under kampanjen.

Mohamed er ein del av Minnesota Democratic–Farmer–Labor Party (DFL), som har band til demokratane nasjonalt.

Ho fekk over 58 prosent av stemmene og vann over Dale Anderson, ein pensjonert bankmann og lærar, som fekk 41 prosent.

– Alder betyr ikkje nødvendigvis visdom. Me treng at den yngre generasjonen som Gen Z og yngre millennials kjem ut og er tilstades i våre borgarplikter og engasjement – anten det er å stemma, å stilla til val, eller koma med innspel til byen på lokalt nivå, delstatsnivå, føderalt nivå, sa ho etter valsigeren.


Les også: Generasjon Z, Boomers, Millennials – kva generasjon høyrer du til?

Foto: Erna Solberg (regjeringen.no), Steinar Sagen (Foto: Eirik Helland Urke/Wikipedia), Kyrre “Kygo” Gørrvell-Dahll (Jordan Strauss/Invision/AP) Ingrid Alexandra (Lise Åserud / NTB scanpix POOL).