Vann stor teikneseriepris: – Ei kunstform som aldri sluttar å overraske meg

Pondusprisvinnaren i år ser mot Kjell Aukrust og blandinga hans av humor og melankoli som førebilete – og er allereie i gang med den nye teikneserieboka si.

NPK-NTB-Gitte Johannessen
Publisert

Kjersti Synneva Moen (27) er vinnaren av Pondusprisen på 150.000 kroner for bokdebuten sin i år, teikneserieromanen «Grip den føkkings dagen»; om Amalie som flyttar frå heimbygda for å gå kunstlinja på vidaregåande.

– Dette hadde eg ikkje sett for meg i mine villaste draumar, seier Moen, som har hausta strålande kritikkar for debutboka. Pondusjuryen, beståande av Pondus-skapar Frode Øverli, Pondus-redaktør Lasse Espe og forleggjar Håkon Strand, kallar ho «strålande og heilstøypt».

– Betyr mykje

– Det betyr utruleg mykje å få ein pris frå folk som eg ser opp til, den anerkjenninga det inneber, seier Kjersti Synneva Moen – som gav ut boka si på Aschehoug, etter at ho som vart redaktøren hennar der plukka opp teikningane hennar på Instagram.

– Der hadde eg laga nokre små teikneseriesnuttar. Ho sende meg ei melding og spurde om eg ville ta ein kaffi, og det var bra. Ho gjorde at eg torde å skrive eit lengre prosjekt – til å tore å prøve på ei bok. Terskelen med å sende inn kan kjennast stor og skummel elles.

– Eg har alltid vore veldig glad i teikneseriar. Å kunne teikne og fortelje saman har alltid vore ein ulideleg stor fascinasjon for meg, seier Moen, som har jobba som illustratør i nokre år og har hatt lyst til å utforske mediet.

– Det er ei kunstform som aldri sluttar å overraske meg, også som lesar.

– Ein vanvitig stor læringsprosess, seier teikneserieforfattar Kjersti Synneva Moen, som vann Ponduspris for debuten – og no er i gang med neste bok. | Foto: Agnete Brun

– Ikkje sjølvbiografisk

Ho er frå Selbu, også det ei lita bygd, men seier at «Grip den føkkings dagen» ikkje er sjølvbiografisk, men fiktiv.

– Sjølv om eg bruker skissebok sjølv, slik eg har late hovudpersonen arve, ler ho og fortel at mange har kommentert den ytre likskapen mellom henne og Amalie i boka.

– Den handlar om å flytte på hybel, slik eg også gjorde. Men eg hadde det veldig gøy, i motsetning til Amalie, som kjenner på einsemda. Ting kunne like gjerne gått gale. Det er ein alder der du er vaksen nok til å bu åleine, men likevel må ringe heim for å spørje om vaskeprogram.

Ho beskriv det å lage boka som «ein vanvitig stor læringsprosess».

– Eg hadde aldri jobba med ein så lang teikneserie før, og måtte lære meg mange store strukturar. Med éin gong ho hadde gått i trykken, tenkte eg at dette måtte eg gjere igjen – så eg kunne bruke denne lærdommen. No jobbar eg med eit nytt bokprosjekt, og prispengane gjer at eg kan bruke meir tid på det. Eg knar på historia no, og går alt etter planen kjem ny bok til neste år.

Aukrust første kjærleik

Kjersti Synneva Moen er glad for at ho hadde andre kvinnelege serieskaparar å la seg inspirere av, men trekkjer fram Kjell Aukrust som eit av dei største teikneidola sine, sjølv om han ikkje var teikneserieskapar.

– Han var kanskje min første store kjærleik i det mediet likevel. Med dei kortare historiene som i mellom anna «Tre små venner». Det var første gong eg så tekst og teikning i samspel; underfundig morosamt, samtidig som det ligg melankoli i det han lagar hand i hand.

Det tok ho inn i sin eigen bokdebut. Det har ført til at nokre meldarar har fokusert på at «Grip den føkkings dagen» er ei morosam og sjarmerande forteljing, medan andre har beskrive ho som ein alvorleg teikneserie om einsemd og uvisse, ifølgje pressemeldinga frå Strand forlag:

– Eg synest det er sånn livet er, ting kan vere megadritt, trist, rart og morosamt på same tid. Derfor tenkjer eg at det gjerne kan vere opp til lesaren om ein synest boka er trist eller morosam. Kanskje ein les den ulikt ut frå kvar ein sjølv er i livet?

Kjersti Synneva Moen vart plukka opp på Instagram – og fekk kontrakt med Aschehoug om «Grip den føkkings dagen». | Omslag: Aschehoug