Fleirtal i Stortinget for å forby «homoterapi»

Venstre, Høgre og SV har komme til semje med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om lovforslaget som skal forby konverteringsterapi.

NPK-NTB
Publisert

Dermed blir det eit klart fleirtal når Stortinget skal stemme over lovforslaget i desember, melder Dagbladet.

Vårt Land omtalte saka førre veke. Då vart det klart at det var fleirtal i Stortinget etter at Høgre gav si støtte til lovforslaget frå regjeringa.

Forslaget inneber å gjere det straffbart å prøve å få andre til å endre den seksuelle orienteringa eller kjønnsidentiteten sin gjennom mellom anna medisinske, alternativmedisinske eller religiøse metodar.

Strafferamma er tre års fengsel, i grove tilfelle seks års fengsel.

Arbeidet med lova er særleg retta mot enkelte kristne og muslimske miljø. Det har vore ei betent sak, og ein del skeptikarar til lovforslaget meiner eit slikt forbod vil kneble ytringsfridommen.

Kritisk til forslaget

På leiarplass måndag skreiv Stavanger Aftenblad at det vil vere eit feilgrep dersom lova blir vedteken. Avisa meiner ho kan føre til at ytringar som burde vere tillatne, kan bli straffeforfølgt.

– Det er ikkje tvil om at lova vil få mange som driv rettleiing og sjelesorg i kyrkjelydane sine, til å lure på om dei gjer seg skuldig i eit brotsverk ved å ha ein samtale med eit anna vakse menneske som ønskjer å snakke om den seksuelle legninga si, skreiv Aftenbladet.

Etter planen skal Stortingets familie- og kulturkomité levere innstillinga si 30. november, medan lovforslaget skal stemmast over i salen 7. desember.