I bokhylla: Inger Johanne Sæterbakk vil sjå Natalie Portman portrettere ein av karakterane sine
Inger Johanne Sæterbakk er nominert til Brageprisen for ungdomsromanen «Hjartespreng». | Maria Olivia Rivedal/Aschehoug, kollasj av Framtida.no
Den Bragepris-nominerte forfattaren vil gjerne skrive ein bestseljar.
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg les vel mellom 60 og 90 bøker i året. Ein del av det er gjennom jobb, men eg held stort sett på med 10 ulike bøker på fritida også. Eg ser ikkje så mykje på seriar.
Inger Johanne Sæterbakk les det meste, men vedgår at ho ikkje er så sterk når det kjem til fantasy, sjølvhjelpsbøker og romanar som prøver å appellere til ho berre fordi ho er kvinne.
– Det blir mest romanar for vaksne og barn, men eg er glad i gode sakprosabøker, og har ein dryg hyllemeter med politiske biografiar og andre bøker frå innsida av den politiske verda. Det kan vere veldig underhaldande lesing.
Inger Johanne Sæterbakk
Alder: 42
Frå: Orkanger
Utdanning: Fire år med nordisk, historie og kulturhistorie frå Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda, og journalistutdanning frå Nynorsk mediesenter.
Yrke: Språkkonsulent ved Det Norske Teatret
Gjæv nominasjon
Sjølv vart forfattaren nyleg nominert til Brageprisen i kategorien barne- og ungdomsbøker. Hennar siste roman, som ho er nominert for, heiter Hjartespreng og handlar om å vere 16 år. Og om å vere skikkeleg dårleg til å vere 16 år.
Juryen trekker fram at Hjartespreng er ein roman som «levande og leikent lar deg oppleve dei intense tenåra til ein heilt vanleg tenåring i ein roman som på sitt beste gir lesaren vill og uhemma hjartespreng.»
…grine: Brødrene Løvehjerte. Eg prøvde å lese ho heile barndommen, men fekk alltid mareritt av ho, også når eg eigentleg var for gammal til å bli så redd. Så første gongen eg las ho var då eg var 21 år og hadde ho på pensum på nordisk grunnfag. Og då grein eg.
…le: Sist eg sat og lo høgt av ei bok, var då eg las biografien om Martin Kolberg. For å trekke fram ein sjanger eg er svak for, godt skrivne politikarbiografiar.
…bli sint: Eg og ein ven av meg kjem stadig tilbake til diskusjonen om Min kamp-bøkene til Knausgård er bra. Då hissar eg meg ofte opp. Eg er tilhengar av desse bøkene. Eg blir også ganske aggressiv av å lese slapt språkvaska bøker, men her trur eg ikkje eg skal nemne nokon spesifikt.
…tenke: Ei av dei bøkene eg har snakka mest om i det siste er Andromeda av Therese Bohman, som eg las i sommar. Det er så mykje å tenke på om både klasse, kjønn og litteratur etter å ha lese den romanen.
Karl Ove Kanusgård | Foto: Thomas Wågström / Forlaget Oktober
Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Nett no ligg det 15 bøker på nattbordet mitt (det er ein kommode, så det er litt plass der), både sakprosa, barne- og ungdomsbøker og skjønnlitteratur for vaksne.
Sæterbakk les mykje samtidig, men den ho likar best av det som ligg på nattbordet no, erAlt dette kunne jeg få av Josefine Klougart.
– Eg har halde på med ho ei stund, for det er ein roman ein må lese langsamt. Ein annan grunn til at ho har tatt tid å lese, er at sjølve boka er utruleg pen, så eg tok ho ikkje med meg på stranda i sommar, ville ikkje øydelegge ho med saltvatn. Eg har også nettopp begynt på Rural. The lives of the Working-Class Countryside av Rebecca Smith.
Kor les du?
– Eg les på senga, i sofaen, ved kjøkkenbordet. Og masse på ferie. Eg liker lange togturar og bruker alltid å spare ei god bok til slike turar. Gjerne ei bok som krev litt ro og kvilepuls.
– Når eg ryddar i bua eller prøver å strikke noko, høyrer eg på lydbok.
Inger Johanne Sæterbakk likar å lese på lange togturar. | Foto: Nicolai Berntsen / Unsplash
Kva bøker vart lesne til deg som liten?
– Eg vart mykje lese for av foreldra mine (fordelen med å vere eldst og einebarn i nokre år) og var med i Bokklubben Barn, som gav meg jamn tilgang på nye bøker. Eg var veldig glad i Anne-Cath. Vestly, og Albert Åberg-bøkene kunne eg utanåt til slutt.
Omslag: Cappelen Damm
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?
– Eg begynte å plukke ut bøker frå den rikhaldige bokhylla heime då eg var i tenåra, og las mykje av det eg fann der. Blant favorittane var dei store forteljingane, som Medmenneske av Olav Duun, Seierherrene av Roy Jacobsen og bøkene til Herbjørg Wassmo om Tora.
Illustrasjonsfoto: Janko Ferlič / Unsplash
Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?
– Nett no: Ein bestseljar, så eg kunne bli rik og få masse skrivetid.
Vidare blir Sæterbakk mest inspirert av dei bøkene som har ambisiøse idear, modige formgrep og rik fantasi.
– Og det er jo helst dei eg ville skrive. Opptil fleire av novellene i Vonde blomar av Gunnhild Øyehaug tar så uventa retningar at eg berre sit og frydar meg mens eg les.
Omslag: Kolon Forlag
Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Eg trur mange barne- og ungdomsbøker er undervurderte. Men den litteraturen kan verkelege gjere ein forskjell, i møte med den rette lesaren.
Illustrasjonsfoto: Aaron Burden / Unsplash
Kva meiner du gjer ei bok god?
– Det kan vere mykje, men det er heilt klart ein fordel om ho framkallar andre kjensler enn likesæle hos meg. Eg kan bli veldig imponert av bøker som framkallar masse negative kjensler hos meg, men som eg likevel ikkje greier å legge ifrå meg. Eg toler veldig mykje av ei bok om eg opplever at ho er viktig for forfattaren, at noko står på spel. Og språket, da. At det har rytme, energi og karakter.
Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– Er det lov å svare sine eigne karakterar? Hovudpersonane i alle dei tre barne- og ungdomsbøkene har trekk frå meg, og eg kjenner stor omsorg for både dei og meg sjølv på deira alder.
Inger Johanne Sæterbakk har skrive desse bøkene for barn og ungdom.
Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Eg tippar Virginia Woolf kunne hatt mykje interessant å fortelje frå livet og karrieren, og eg tar også gjerne imot skrivetips frå ho.
Virginia Woolf har skrive klassikarar som Eit eiget rom, Orlando og Til fyret. Foto: George Charles Beresford/ Creative Commons.
Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Her gjeld det å vere taktisk, å ta nokon som har skrive mykje, som eg har lese litt av og veit at eg liker, men har mykje att av. Og som ikkje skriv den same boka igjen og igjen. Eg trur eg seier Sigrid Undset. Etter å ha jobba mykje med teateroppsetjinga Kristin Lavransdotter på Det Norske Teatret veit eg at tekstane hennar rommar mykje og toler å bli lese igjen og igjen.
Sigrid Undset i 1928. Foto: Alvilde Torp/Nasjonalbiblioteket via Flickr
Frå Kristin Lavransdotter på Det Norske Teatret. | Foto: Dag Jenssen
Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?
– Eg håpar jo den første boka eg skreiv, Magnhild, kan bli film ein dag. Den romanen skreiv eg i lag med venninna mi, Guri, så det kan godt hende at ho ser for seg Magnhild på ein heilt annan måte enn kva eg gjer. Men eg synest iallfall Natalie Portman kunne spelt ho i Hollywood-filmatiseringa, med den same frisyren som ho hadde i Leon då ho var 12.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.